Passer for

  • ungdomstrinn 8-10

Elektroniske kommunikasjonssystem

I dette opplegget for ungdomstrinnet skal elevane forstå korleis eit elektronisk kommunikasjonssystem i hovudtrekk er bygd opp og fungerer. Denne kunnskapen skal dei bruke for å finne opp eit klesplagg som kommuniserer med internett for å fylle eit behov.

Postkasser

Økt 1: Posten skal fram

 60–90 minutt

kodelås

Økt 3: Kva er koden?

60–90 minutt

kode

Økt 4: Digitalisering

45–60 minutt

Søk dekning!

Økt 5: Søk dekning!

45–60 minutt

klær

Økt 6: Oppdraget

120–180 minutt

                    

Overordna læringsmål

Elevane skal kunne

  • skildre kva eit kommunikasjonssystem er, med internett som eksempel på elektronisk kommunikasjonssystem
  • forklare korleis digital informasjon blir overført frå sendar til mottakar
  • gjere greie for positive og negative sider ved elektroniske kommunikasjonssystem

 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Teknologi og design
      • beskrive et elektronisk kommunikasjonssystem, forklare hvordan informasjon overføres fra avsender til mottaker, og gjøre rede for positive og negative konsekvenser
Naturfaglig språk

Fagspesifikke begrep

  • basestasjon
    sendar- og mottakarstasjon i mobilnettet
  • binære tal
    tal i totalssystemet som blir uttrykt med symbola 0 og 1
  • binær kode
    informasjon omsett til teikna 0 og 1 som datamaskinar kan lagre og overføre
  • dekning
    geografisk rekkevidde av eit trådlaust nett
    For eksempel mobilnett eller wifi.
  • funksjon
    kva noko gjer, eller kva det brukast til
  • grensesnitt
    kopling mellom to delar av eit kommunikasjonssystem
  • informasjon
    opplysningar som blir sende mellom delane i eit kommunikasjonssystem
  • internett
    globalt elektronisk kommunikasjonssystem som du kan koble deg til trådlaust eller med kabel
  • kryptering
    omforming av data slik at informasjonen dei inneheld ikkje kan lesast av uvedkommande
  • mottakar
    endepunkt for ei informasjonsoverføring
  • sampling
    avlesing av et signals nivå ved faste tidsintervaller og omforming av nivået til en digital tallverdi
  • sendar
    startpunkt for ei informasjonsoverføring
  • system
    noko som består av fleire delar som verkar saman

Forskerspirebegrep

  • kravspesifikasjon
    skildring av eigenskapar og funksjonar som eit produkt skal ha
  • modell
    forenkla framstilling, for eksempel ein gjenstand eller ein figur, som hjelper oss å forstå noko