naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
    Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland 
    Personvernerklæring
    Tilgjengelegheitserklæring
    
            
                 Undervisningsopplegg
                        
        
        Økt 4: Digitalisering
Informasjon frå sensorar blir ofte presentert som ein graf. I denne økta skal elevane erfare korleis også informasjon frå ulike sensorar kan bli digitalisert ved å gjerast om til binær kode. For å kunne digitalisere signal frå ein sensor, må signalverdiane gjerast om frå desimale tal (titalssystemet) til binære tal. Elevane må vurdere kva slags informasjon som skal kommuniserast frå det smarte plagget og om informasjonen kan sendast ved hjelp av binær kode.
Læringsmål
Elevane skal kunne
- forklare korleis digital informasjon blir overført frå sendar til mottakar
Tidsbruk
| 4A. Binære tal | 20 minutt | 
| 4B. Sampling | 25 minutt | 
| 4C. Oppdrag snakketøy | 15 minutt | 
| TOTALT | 45 minutt | 
Naturfaglig språk
            
                                            Fagspesifikke begrep
- 
                        adresseunik identifikasjonsopplysning for ein geografisk stad eller ein eining
- 
                        basestasjonsendar- og mottakarstasjon i mobilnettet
- 
                        binære taltal i totalssystemet som blir uttrykt med symbola 0 og 1
- 
                        binær kodeinformasjon omsett til teikna 0 og 1 som datamaskinar kan lagre og overføre
- 
                        dekninggeografisk rekkevidde av eit trådlaust nett
 For eksempel mobilnett eller wifi.
- 
                        funksjonkva noko gjer, eller kva det brukast til
- 
                        grensesnittkopling mellom to delar av eit kommunikasjonssystem
- 
                        informasjonopplysningar som blir sende mellom delane i eit kommunikasjonssystem
- 
                        internettglobalt elektronisk kommunikasjonssystem som du kan koble deg til trådlaust eller med kabel
- 
                        krypteringomforming av data slik at informasjonen dei inneheld ikkje kan lesast av uvedkommande
- 
                        mottakarendepunkt for ei informasjonsoverføring
- 
                        samplingavlesing av et signals nivå ved faste tidsintervaller og omforming av nivået til en digital tallverdi
- 
                        sendarstartpunkt for ei informasjonsoverføring
- 
                        systemnoko som består av fleire delar som verkar saman
Forskerspirebegrep
- 
                        kravspesifikasjonskildring av eigenskapar og funksjonar som eit produkt skal ha
- 
                        modellforenkla framstilling, for eksempel ein gjenstand eller ein figur, som hjelper oss å forstå noko
