Undervisningsopplegg

Økt 2: Internett finn deg

internett finn deg

I desse øktene skal elevane sjå nærare på inter­nett som eit elektronisk kommunikasjonssystem.

Læringsmål

Elevane skal kunne

  • skildre funksjonen til internett, kva sentrale delar det består av og korleis systemet finn informasjon som er lagra
  • fortelje om ulike måtar å koble seg trådlaust til internett på og korleis systemet kan vite kvar du er og kvar informasjon skal bli sendt
  • teikne flytskjema som viser eit eksempel på informasjonsflyt i internett

Tidsbruk

2A. Oppdrag snakketøy 15–20 minutt
2B. Søk opp Lady Gaga 25–35 minutt
2C. Flytskjema internett 25–35 minutt
2D. Mobiltelefonnettet 25–30 minutt
TOTALT 90–120 minutt
Naturfaglig språk

Fagspesifikke begrep

  • basestasjon
    sendar- og mottakarstasjon i mobilnettet
  • binære tal
    tal i totalssystemet som blir uttrykt med symbola 0 og 1
  • binær kode
    informasjon omsett til teikna 0 og 1 som datamaskinar kan lagre og overføre
  • dekning
    geografisk rekkevidde av eit trådlaust nett
    For eksempel mobilnett eller wifi.
  • funksjon
    kva noko gjer, eller kva det brukast til
  • grensesnitt
    kopling mellom to delar av eit kommunikasjonssystem
  • informasjon
    opplysningar som blir sende mellom delane i eit kommunikasjonssystem
  • internett
    globalt elektronisk kommunikasjonssystem som du kan koble deg til trådlaust eller med kabel
  • kryptering
    omforming av data slik at informasjonen dei inneheld ikkje kan lesast av uvedkommande
  • mottakar
    endepunkt for ei informasjonsoverføring
  • sampling
    avlesing av et signals nivå ved faste tidsintervaller og omforming av nivået til en digital tallverdi
  • sendar
    startpunkt for ei informasjonsoverføring
  • system
    noko som består av fleire delar som verkar saman

Forskerspirebegrep

  • kravspesifikasjon
    skildring av eigenskapar og funksjonar som eit produkt skal ha
  • modell
    forenkla framstilling, for eksempel ein gjenstand eller ein figur, som hjelper oss å forstå noko