Hopp til hovedinnhold

Berekraftig teknologi i arbeidslivet

I dette opplegget får elevane i oppdrag å forbetre eller designe eit teknologisk produkt og vurdere forslaget sitt ut frå dei tre dimensjonane av berekraftig utvikling. Dei skal også lage ein reklame for forslaget sitt. Opplegget passar som eit samarbeid mellom naturfag og yrkesfaglege programfag.

Overordna læringsmål

Elevane skal kunne

  • foreslå forbetringar av eit teknologisk produkt eller designe eit teknologisk produkt
  • bruke dei tre dimensjonane av berekraftig utvikling til å grunngje forslaget til forbetring eller designet
  • formidle produkt/produktforbetring og påpeike styrker og svakheiter ved eige og andre sitt arbeid