Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Tidsbruk
  • 1-1 ½ time – kjem an på diskusjonane og undringa.

Risikovurdering ved ferdsel på vatn – kano, kajakk, robåt

Denne aktiviteten skal danne grunnlag for at elevane skal få tenkje rundt sikkerheit og risiko ved ferdsel på vatn og prøve ut å bruke ROS-skjema (sjå vedlegg) for aktivitetane.

Teksten i denne aktiviteten er forma slik at både elevar og lærarar kan bruke han. Det inspirerer bra om du vekselvis  fortel og lar elevane prøve og undre seg gjennom teorien. Så kan dei i små grupper (2-3 elevar) foreta ein ROS-analyse enten av ei aktivitet dei har vore med på eller ei aktivitet dei skal gjennomføre. Kva som passar best, kjem av kva erfaringar elevane sit inne med. Til slutt kan teksten i denne aktiviteten brukast av elevane som repetisjon på kva ei risikovurdering er.

1. Introduksjon – stoltesten

For å vurdere risiko kan vi stille to spørsmål:

  • Kva kan gå galt?
  • Kva er konsekvensen dersom det går galt?

Du kan fort gje ei lita innføring for elevane med Stoltesten. Lat elevane få under seg over dei to spørsmåla.

Stoltesten 1)

Lat stolen stå ved sidan av pulten din og stig opp på den med begge beina.

  • Kva kan gå galt?
    • Du kan miste balansen og måtte stige ned på golvet
  • Kva er konsekvensen dersom det går galt?
    • Svært liten – mest truleg stig du berre rett ned på golvet

Stoltesten 2)

Sett stolen din oppå pulten. Klatre opp på pulten og stig opp på stolen med begge beina

  • Kva kan gå galt?
    • Du kan miste balansen og måtte hoppe ned på golvet
  • Kva er konsekvensen dersom det går galt?
    • Middels? – Om du må hoppe heilt ned på golvet så er det ikkje sikkert at du klarer å lande på beina og du kan risikere å slå deg i møtet med golvet.

Stoltesten 3) Eit tankeeksperiment

Kva om du sette stolen på kanten av eit stort stup- til dømes på kanten av Trollveggen, Preikestolen

  • Kva kan gå galt?
    • Du kan miste balansen og ramle ned
  • Kva er konsekvensen dersom det går galt?
    • Verst tenkelig – Om du dett utfor kanten vil du mest truleg dø.

Sannsynleg heita for at du skal ramle ned frå stolen, er i prinsippet ikkje større i stoltesten 2 og 3 – men konsekvensane er så mykje større. Påstand: Det er like trygt å stå på stolen når den står på kanten av eit stup som når den står på golvet! :-) Det er først om du skulle miste kontrollen og må gå av stolen, at det eine er mykje farlegare enn det andre…

Vi følgjer difor opp med to spørsmål til:

  • Korleis kan vi redusere muligheita for at det kan gå galt?
  • Korleis kan vi redusere konsekvensen dersom det går galt?

I stoltesten 1) er det lite vi kan gjere for å redusere muligheita for at det går galt. Konsekvensen dersom det går galt, er heller ikkje stor og det er difor lite eller ingenting vi treng.

I stoltesten 2) kjem vi litt meir oppe i høgda, og ved å ha noko eller nokon å halde seg i, vil det redusere muligheita for at det kan gå galt. Dersom det går galt og ein ramlar på golvet så kan det vere kjekt å ha litt førstehjelpssaker for å redusere konsekvensen. Støttebandasje mot overtrakk osv.

I stoltesten 3) vil også noko å holde i vere med på å redusere muligheita for at det kan gå galt. For å redusere konsekvensen om det skulle gå galt, så kan den som står på stolen ha på seg klatresele og bli sikra i eit klatretau i ei trygg forankring. Skulle ein ramle vil ein kanskje slå seg – men ikkje ramle lenger enn det er slakk i tauet. Ein bør difor ha med seg førstehjelpssaker også.

Oppsummering

I ei riskovurdering prøvar vi å svare på fire spørsmål:

  1. Kva kan gå galt?
  2. Kva er konsekvensen om det går galt?
  3. Kva kan vi gjere for å redusere sannsynlegheita for at det skal gå galt?
  4. Kva kan vi gjere for å redusere konsekvensen om det går galt?

2. Tur etter evne

Tur etter evne er ei av dei viktigaste læresetningane vi har i norsk friluftslivstradisjon.

Tur etter evne er risikovurdering basert på sjølvinnsikt og kjennskap til naturelementa. Sjølvinnsikt er ei god forståing av kor flink er eg til å meistre både aktiviteten og kjennskapen til vær og vind, og kva marginar har eg om noko uforutsett skal skje. Forståing av naturelementa er å ha innsikt i vær, vind og strøm. Og å kjenne værteikn som gir varsel om endringar i været. Marginar om noko ufortsett skulle skje, vil vere om eg kan sjølvberging eller kameratberging, og har med slepetau, øse, klesskift osv.

I forhold til tur etter evne vil risikovurderinga vere:

  • Kor flink er eg til å ro eller padle den farkosten eg har?
  • Kor god er farkosten min til det naturmiljøet eg ferdast i (skjærgård, vatn, ope hav, elv)?
  • Skjer det noko med naturmiljøet eg ferdast i? Strøm på grunn av tidevatn (flo/fjære), endrar været seg, kjem det sterkare vind?
  • Kva utstyr har eg med dersom det skulle skje noko uforutsett?
  • Hamnar eg i vatnet? Har eg flytevest eller redningsvest? Er vatnet kaldt? Har eg gode kle eller spesialutstyr til kaldt vatn (våtdrakt, tørrdrakt)

Tur etter evne oppsummert:

  • Sjølvinnsikt
  • Kjennskap
  • Sjølvredning eller kameratredning

3. ROS-analyse

Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) er det teknologiske samfunnet sin måte å gjere tur etter evne vurdering på. Vi setter då opp vurderingane våre i eit skjEksempel på ROS-analyse med kajakktur på eit vatn. Eksempel på ROS-analyse med kajakktur på eit vatn er vedlagt til høgre.