Forsøk og praktisk arbeid

Hvor

  • Ute

Kajakk 2 - Vidarekomne teknikkar, leikar og aktivitetar

På kajakk 2 innfører vi spruttrekk og øver på å gå rundt og ut av kajakken!
Aktivitetar og teknikkar byggjer på kajakk 1.

Følgjande grunnreglar bør alltid følgjast med aktivitetar på vatn:

  • Aldri vere utpå vatnet utan godkjenning og under oppsyn av ansvarlege vaksne
  • Alltid nytte padlevest/flytevest
  • Alltid minst en kajakk/båt tilgjengeleg for redning
  • Lærar/ansvarlege – godkjent livredningskurs for aktivitet i vatn

Del 1: Gjennomføring på land

1. Førebuing

Sjå lærarrettleiinga ”Ferdsel på vann – forberedelser” og undervisningsopplegget kajakk 1

  • Kajakkane ligg på land
  • Vatnet er relativt roleg i forhold til padleteknikken til elevane (ikkje elv/større bølgjer/tidevatn-straum) og ikkje frålandsvind
  • Sidan vi no skal å trene på å gå ut av ein kajakk som har gått rundt er det viktig at vatnet har brukbar badetemperatur, og at elevane har kle som held på varmen når dei badar. Ull inst med allværsbukse og jakke utanpå. Dei kan med fordel nytte våtdrakt om det er mogleg.
  • Vatnet har naturlige avgrensingar som vik, øyer og liknande som alle kan sjå og oppfatte
  • Strand eller brygge som er egna til ombord- og ilandstiging

2. Informere

Samle elevgruppa og forklar kva som skal skje:

  • Alle skal alltid ha på padle/flytevest, sjå aktiviteten ”Bli kjent med sikkerhetsutstyr”
  • Alle skal ha ei padleåre og åretau til å knyte åra fast til kajakken
  • To og to skal padle i lag og passe på kvarandre
  • Følgjande reglar gjeld:
    • ikkje lov å sprute på kvarandre
    • alltid padle/flytevest
    • alltid innanfor synsfeltet og hørevidda til redningsbåten!
    • aldri gå rundt med vilje utan at det er avtalt med instruktør/ansvarlig vaksen

3. Grunninstruksjon på land

  • Bruk ein kajakk og deg sjølv som eksempel. Kajakken bør ligge på mjukt underlag og ein samlar gruppa rundt.
  • Repeter og vis og forklar god sittestilling og justering av fotstøtta
  • Repeter korleis ein held og brukar åra
  • Vis korleis ein knytar fast åretauet til åra og kajakken Sjå utfyllande tekst under
  • Nytt! Vis korleis ein går om bord i ein kajakk ved hjelp av åra. Sjå utfyllande tekst under.
  • Nytt! Vis korleis ein festar spruttrekket. Sjå utfyllande tekst under
  • Demonstrer korleis ein går ut av ein kajakk som har gått rundt – med spruttrekk! Sjå utfyllande tekst under

Utfyllande rettleiing

Åretau

Sidan vi no skal gå rundt, trene på kameratredning mm, så må alle knyte åra fast til kajakken med eit åretau som er passe langt eller passe kort og går frå festetaua på kajakken og til åra:

  • Legg eine tauenden ei runde rundt åra og knyt den fast til tauet (eigen ende som går inn) med ein dobbel fiskeknute – du får no ein knute som glir inn mot åra når du strammar til. På kajakken kan du knyte tauet med pålestikk eller åttetallsknute. Knyt åretauet til eit eigna solide feste/tau på kajakken og ikkje til feste- og oppbevaringsstrikk som ofte er rett foran sittebrønnen.

Å gå om bord i ein kajakk

Legg åra rett bak sittebrønnen og slik at mesteparten av åra ligg utanfor kajakken. Still deg foran åra og ved sidan av sittebrønnen. Hold eine handa både på sittebrønnen og åra. Og den andre bak deg på åra. Sett deg ned i sittebrønnen eller først bak på bakdekket/åra også skli ned i sittebrønnen. Viktig! Len deg litt mot den sida åra er på for der får du støtte – lener du deg mot motsatt side så går du rundt.

Spruttrekk

La alle få sette seg i kajakken og feste på spruttrekket medan kajakkane ligg på land. Det som er svært viktig å passe på når ein festar spruttrekket er at handtaket/snora framme på spruttrekket ligg slik at lett når det. Tørrtren på land på først å ta tak i denne snora og dra opp sprukttrekket, før dei sett hendene på bakdekket og skyv seg ut (dvs ned mot botnen om dei har gått rundt)

Landdemonstrasjon - Vis korleis ein går ut av ein kajakk dersom ein går rundt

Forklar at dersom ein skulle gå rundt, så blir faktisk verden opp ned! Ein skal ikkje søke opp mot overflata, opp mot lufta som er instinktet vårt – men faktisk dykke litt ned mot botnen. Difor er det viktig med arbeidsoppgåva som dei øver på her!

Ta tak i stroppa som er i framenden av spruttrekket og dra opp spruttrekket.
Sett begge hender på bakdekket – skyv seg ut og sett rumpa på bakdekket, om lag som ein drar av seg ei bukse. Alle skal prøve dette og vise til instruktør at dei meistrar dette på land. Dess trongare sittebrønnen er – dess viktigare er det at ein øver på denne arbeidsoppgåva!

4. Elevaktivitet

  • Para går saman om å finne årer, padle- eller flytevestar og spruttrekk. Vestane skal festas korrekt, og godkjennast av ansvarlig lærer eller andre vaksne som har fått delegert ansvaret.
  • Elevane justerer fotstøttene på sin kajakk
    • Når fotstøtta er tilpassa så setter alle elevane seg ned i kajakken og får ei føling med god sittestilling.
  • Elevane knyter fast åretau mellom kajakk og åre
  • Elevane sett seg i sin kajakk og festar fast spruttrekket. NB! Stroppa framme på spruttrekket skal stikke opp og vere lett å nå tak i!
  • Elevane tar kameratsjekk på kvarandre:
    • stroppa framme på spruttrekket ligg slik at den stikk opp og er lett å nå!
    • Alle har tatt på padle- eller flytevest
    • Åra er knytt til kajakken med eit åretau
  • Elevane viser på land korleis dei skal gå om bord i ein kajakk ved hjelp av åra
  • Elevane demonstrerer på land korleis dei går ut av ein kajakk som har velta. Instruktør godkjenner kvar einskild elev.
  • Elevane sitter i kajakken på land og tørrtrenar på rett bruk av åra

Tidsbruk: ca 30 minutt

Del 2 – Gjennomføring ute på vatnet

Tryggleik - Viktige beskjedar til folk før ein fer ut på sjøen!

Dersom dei går rundt – så skal dei ligge i ro ved kajakken og vente på hjelp frå instruktør! Instruktør tømmer kajakken som har gått rundt for vatn – også kan ein klatre opp i kajakken medan instruktør stabiliserer denne.

Alle skal padle nærme land (maks 20 meter frå land), og slik at dei ser godt instruktør (eventuelt maks 100 meter frå instruktør).

To og to kajakkar padlar i lag og passar på kvarandre.

Å komme seg ut på sjøen

Legg instruktørkajakken heilt klar og delvis på sjøen slik at instruktør svært kjapt kan komme seg ut om det trengs.

  • Send ut ein vaksen i hjelpe-/redningsbåt som passar på dei kajakkane som etter kvart kjem ut på. Alle skal padle mellom denne båten og land!
  • Elevpara hjelper kvarandre med å ta kajakkane ned til vatnet.
  • Dei legg kajakken litt utpå så den flyt – og går oppi ved hjelp av åra.
  • Festar fast spruttrekket slik at det er tett og at stroppa framme er lett å nå tak i
  • Padlar litt ut og gir plass til nestemann som skal ut.

Øving 1: Alle skal prøve å gå rundt og ut av kajakken

Instruktør sitt i sin kajakk på passe djupt vatn – eller står ute i vatnet.
Ein og ein av elevane kjem bort til instruktør – går rundt. Drar av spruttrekket og går ut av kajakken under vatn. – Gjerne fleire gonger så teknikken sitter. Når ein skal bade er det viktig å kle seg godt. Ull inst med allværsbukse og allværsjakke utanpå. Dei kan med fordel nytte våtdrakt eller tørrdrakter/padlekle om det er mogleg og vatnet er kaldt.

Øving 2: Kameratredning

Når elevane først har bada så kan ein godt trene på kameratredning med det same. Det er viktig for instruktør å ha oversikt over kven som trenar kameratredning slik at ein finn ein god måte å organisere dette på. Gjerne ved å nytte ein hjelpar til å ha leikeaktivitetar med dei andre og la to og to par trene kameratredning under rettleiing. Hugs fløyte som kommunikasjonsmiddel mellom instruktør og hjelpar.

Kameratredning skjer med 2 kajakkar. Denne kameratredningsteknikken blir kalle x-redning. Den eine kajakken har gått rundt og personen ligg i vatnet.

Bildet viser en kano som er opp ned i vannet

Kajakken fyller seg då med vatn. Den som har gått rundt tek tak i baugen på sin kajakk. Det er svært viktig å ta tak i baugen for å kunne tømme kajakken på lettaste måte. Tek ein bakenden på kajakken vil vatnet vere vanskelig å få ut – det vil samle seg framme i kajakken der ein har beina og kajakken vil bli ekstremt tung å handtere på grunn av alt vatnet - med fare for å skade både kajakken og seg sjølv ved feil løfteteknikk.

Den som reddar, padlar inn til personen som ligg ved kajakken sin, slik at han kjem 90 grader på tvers av den andre kajakken.

Bildet viser en kano som står opp ned i vannet

Den som sitter i kajakken drar – medan den som er i vatnet hjelper til med å skyve så godt han kan. Når kajakken kjem litt opp på dekket til reddaren sin kajakk, snur ein kajakken opp ned og vatnet startar å renne ut gjennom sittebrønnen. Få kajakken som er full av vatn, opp på sittebrønnen (den tømmer seg nesten heilt i denne prosessen) og vipp den litt opp og ned for å få ut siste rest med vatn. Den som har kajakken på tvers av sin, vil oppleve at kajakken som skal tømmast, gir svært god stabilitet og støtte.


Legg kajakken som no er tømt, på sida av reddar sin kajakk. Reddar ”ligg” over denne og stabiliserer. Den som har gått rundt, klatrar opp mellom begge kajakkane og får beina først ned i sin kajakk også rumpa til slutt.

kanoen som var opp ned er nå blitt snudd i riktig retning.

Tidsbruk

Første gangen elevane øver på rett ombordstigning med åra, tek det gjerne litt tid. Ca 10 minutt per par. Ein bør og rekne ca 10 minutt på ei kameratredning. 20 minutt per par når begge skal reddast.

Del 3: Aktivitetar som øver teknikk

  • Små stafettar der ein skal padle rundt ein holme, blåse eller båt.
  • Presisjonspadling slik at målet er å runde så nærme som mulig (kort sving).
  • Padle i 8-tall rundt to ulike holmar eller to kajakkar.
  • Slepe ein annan kajakk: Eit enkelt oppsett til å slepe er å ha ei 60 cm lang slynge som eleven har over skuldar. I slynga festar du ein karabin og slepetauet i karabinen. Vidare festar ein slepetauet framme i baugen på den kajakken som skal slepast. Slepetauet bør flyte og vere ca 15 meter langt. Utstyr per slep: 60 cm slynge, 1 stk syrefast karabin, 15 m slepetau som gjerne er ferdig knytt med ein dobbel 8-tallsknute til å feste på karabinen.
  • I samsvar med tur etter evne:
    • Padle sjø og bølgjer!
    • Prøve å surfe på bølgjene!
    • Prøve å slepe ein annan kajakk i litt bølgjer
  • Sidevegs padling:
    La elevane prøve å padle rett sidevegs gjennom å ta åra i ein åttetalls rørsle på ei side av kajakken. NB! Det er lett å gjere feil i starten og dermed vippe seg sjølv rundt.
  • Karving:
    La elevane prøve å svinge kajakken gjennom både å padle på ei side og å legge kajakken over på denne same sida ein padlar på slik at kajakken hjelper til med svingen. (Som å svinge med ski- berre motsatt, utsving og ikkje innsving). NB! Lett å gjere feil i starten å gå rundt om ein ikkje har god balanse eller har støtte tak i padlinga
  • Sculling:
    Når elevane klarer å padle sidevegs – kan dei prøve å gjere same bevegelse med årebladet medan årebladet ligg flatt i overflata. Det er viktig at årebladet blir liggande i overflata – elles går ein sakte, men sikkert rundt. Medan ein heile tida jobbar med åra – løfter ein hofta på motsatt side og legg seg meir og meir over på åra. Når ein klarer å ligge på åra med kajakken nesten opp ned er ein mestersculler!
  • Konkurransepadling:
    I motsetning til turpadling der kvart åretak i prinsippet er eit støttetak så er konkurranseteknikk ein ustabil padlemåte – men sjølvsagt effektiv.
    Du strekker deg fram og stikk åra ned så lang fram og inntil kajakken som du klarer. Åra går bratt ned i vatnet og du fører åra tett inntil/langs kajakken tilbake (i rake motsetning til turpadling som er lav åre og åretak UT frå kajakken). Du drar sjølvsagt i åra når du trekker den til deg – men samstundes skal du ”bokse” med den andre handa. Eit godt bokseslag startar ved skuldra og går rett fram. Etter litt prøving er elevane klar for å konkurrer mot kvarandre eller ei løype på tid! NB! Sidan åra blir ført ved sida av kajakken er det lett å gå rundt… Ikkje legg opp til konkurransar der du som instruktør misser elevane av syne!
  • Balanseutfordringar:
    • Balanseutfordring 1 – kan du klare å klatre om bord i kajakken utan hjelp?
    • Balanseutfordring 2 – kven kan klare å reise seg opp i kajakken og stå heilt oppreist i sittebrønnen?
    • Balanseutfordring 3 - Lag tømmerflåte (sette saman kajakkane side om side som ei flåte) og la elevane prøve å springe over flåten

Planlegg og dra på (overnattings) tur med kajakk! Sjå elevoppgåve – Risikovurdering ved ferdsel på vatn

Del 4: Leiker

Hente ballar

Definer eit avgrensa område.
Kast ut 10 ballar (eller fleire)

Når instruktør bles i fløyta, er det om å gjere å fange flest ballar.

Hente ballar kan varierast. Til dømes kan leiken bli utført utan åre, og at det er lov å stele ballar frå kvarandre undervegs. Ballane skal då ligge på spruttrekket når ein har plukka dei. Vinnaren er den som til dømes klarer å først få 3 eller 5 ballar.

Tare- eller tangkrigar

NB! Pass på at taren eller tangen er stein- og skjell-laus. Det er viktig at det ikkje heng stein på foten, eller skarpe skjell og snegler. Ein kan til dømes innføre at alle må bytte våpen (tangklase) når instruktør blåser i fløyta. Då vil ein kunne få eit vondt våpen brukt mot seg sjølv, og ofte vil den tanken føre til betre sjekk av våpenet. Krigen kan utkjempast på mange måtar.

Variant 1 – To og to kjempar mot kvarandre på ein kajakk.

Ein startar sittande overskrevs på kajakken på kvar sin ende (framme og bak) med ein god bunt tang som er like store og lange. Hold balansen og vær på kajakken medan du akar deg sittande eller krypande frå din ende nærmar fienden til du kan få inn eit slag og prøvar å få fienden ut i vatnet. Den som først går i vatnet har tapt…(Variant av putekrig på balanserande på ein stokk)

Variant 2 – Leik i kajakk utan åre.

Bli einige om eit mål og utan åre sjå kven som klarer å kaste taren i målet. Det er ikkje lov å vippe den andre rundt – men nesten alt er lov. Innfør reglar og handikapp etter behov for å få ein kjekk aktivitet.

Variant 3 – Flagg-krig

To lag og ein har kvart sitt skvalpeskjær eller holme med sin Tareklase ( =flagg) på. Det er om å gjere å ta tangklasen(flagget) til motsatt lag og få dette tilbake til sin holme. Det er ikkje lov å vippe motstanderen rundt – men elles berre reglar etter behov. Om ein ikkje har skjær eller holmar, kan ein nytte kvar si side av ei strand ol. 

Materialer og utstyr

Per instruktør/redningsbåt: 6 kajakker, 6 padle/flytevester, 6 spruttrekk, 6 årer, 6 åretau

I instruktørkajakk/redningsbåt: Reserveåre, slepeline, fløyte, pumpe, årepose, spruttrekk, førstehjelpssaker og evt klesskift

Instruktør tek ei vurdering av temperaturen på vatnet og etter forholda nyttar eigna padlekle, våt- eller tørrdrakt med tanke på uforutsett redning/uhell eller anna som gjer at ein må arbeide i vatnet over litt tid.

På land eller eventuelt med instruktør/redningsbåt: kasteline og fleire reserve årer

Anna ekstramateriell ved nokre aktivitetar: 10 ballar som flyt, eller fleire, til aktiviteten ”Hente ballar”. Til å trene på å slepe ein anna kajakk treng ein fleire slepetau, nokre slynger og karabinar. (sjå aktiviteten)