Hopp til hovedinnhold
Undervisningsopplegg

Økt 3: Designe eller forbetre eit produkt

traktor i solnedgang I denne økta skal elevane designe eit teknologisk produkt eller gjere forbetringar på eit produkt slik at det blir meir berekraftig. Dei skal vurdere i kva fasar i livsløpet til produktet dei vil gjere endring, og på kva måte endringa er meir berekraftig. Kvar gruppe skal lage ein reklame (film, poster, brosjyre eller liknande) for produktet/produktforbetringa der dei argumenterer for på kva måte endringa bidrar til ei meir berekraftig utvikling. 

Læringsmål

Elevane skal kunne:

  • foreslå forbetringar av eit teknologisk produkt eller designe eit teknologisk produkt
  • bruke dei tre dimensjonane av berekraftig utvikling til å lage argument som støttar deira forslag til løysing på oppdraget

Tidsbruk

Repetere frå førre økt 5 minutt
Livsløpsskjema 15 minutt
Om berekraft, livsløp og reklame 10 minutt
Om vurdering 5 minutt
Arbeid med oppdraget 45 minutt
Oppsummering 10 minutt
TOTALT 90 minutt