Hopp til hovedinnhold
Undervisningsopplegg

Økt 1: Kva er teknologi?

Økt 1 I denne økta får elevane i oppdrag å gjere endringar på eit teknologisk produkt og reklamere for at endringane bidrar til ei meir berekraftig utvikling. Elevane lærer om teknologi og om teknologiske prinsipp, og om at ulike teknologiar oppstår som resultat av eit behov, eit problem eller heilt tilfeldig.

Læringsmål

Elevane skal kunne

  • gi døme på og beskrive kva teknologi er
  • beskrive dei ulike delane av eit teknologisk system

Tidsbruk

Presentere oppdrag 5 minutt
Bildeaktivitet 20 minutt
Om teknologi 5 minutt
Leseoppdrag 15 minutt
Finn løysning på ei kvardagsutfordring 15 minutt
Analyser eit teknologisk produkt 20 minutt
Kople til oppdrag 10 minutt
TOTALT 90 minutt