Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Tidsbruk
  • 10–15 minutt

1B. Kva er eit system?

Ark 11 i PowerPoint. Sei: For å skjønne kva eit elektronisk kommunikasjonssystem er, må vi først vite kva eit kommunikasjonssystem er, og før det igjen kva eit system er. Kjem fram ved klikk.

Fagleg bakgrunn

Kommentar: Ark 12–18 handlar om kva eit system er. Dersom de har hatt mykje om dette tidlegare, kan du kutte ut desse sidene eller ta dei raskt som ein repetisjon.

Ark 12 i PowerPoint. Sei: Ein sykkel er eit eksempel på eit system. Ein sykkel består av fleire delar – desse delane verkar saman. Kva for delar består sykkelen av? [pedalar, styre, sete, hjul, bremsar, gir, kjede, ramme] Sei: Alle desse ulike delane verkar saman i systemet sykkel. Sei: Korleis kan vi definere kva eit system er? [noko som har mange delar, ein heilskap, noko som heng saman] 

Ark 13 i PowerPoint. Be elevane skrive ein definisjon av system på omgrepsarket, side 3 i elevheftet: 

system: noko som består av fleire delar som verkar saman.


Ark 14 i PowerPoint.
 Sei:
Kva funksjon har ein sykkel? Altså, kva gjer sykkelen, eller kva brukast han til? [forflytte oss] Kva funksjon har dei ulike delane på ein sykkel? Bruk  tenk-par-del  [pedalar: tråkke for å drive sykkelen fram, styre: svinge, sete: sitte på, hjul: rulle på underlaget, bremsar: redusere farten osv.]

Ark 15 i PowerPoint. Sei: Alle desse delane har kvar sin funksjon, men delane jobbar saman og gjer at vi kan bruke systemet sykkel til å forflytte oss. Sei: Dei ulike delane har også ei form som passar til funksjonen. Setet må vere forma på ein måte som gjer det godt å sitte på, hjula må ha ei form som gjer at dei rullar godt på underlaget osv.

Ark 16–18 i PowerPoint. Sei: Kan de komme på andre system? [lampe, bil, hus, boksopnar, mobiltelefon, fabrikk, skog, økosystem, kroppen ...] Sei: Lampe er eit eksempel på eit system. Skogen og kroppen vår er to andre eksempel på system. Dei ulike delane i systema kjem opp ved klikk.

Ark 19 i PowerPoint.  Sei: I oppdraget som de har fått, står det at de skal lage eit flytskjema. Kva er det? Dersom vi tenker på nervesystemet vårt, kan vi lage eit flytskjema for korleis informasjon blir send frå eit trafikklys når vi skal krysse vegen. Når grøn mann lyser, vil lysstråler treffe sanseceller i auget vårt. Desse sender nervesignal vidare til nerveceller som sender nervesignal til synssenteret i hjernen som tolkar signalet. Hjernen sender så nervesignal gjennom nerveceller til musklar i beina, som dermed begynner å bevege seg og gå over vegen. Så i eit flytskjema har vi med dei ulike delane av systemet og viser med piler og tekst kva som skjer trinn for trinn.

Ark 20 i PowerPoint. Sei: Nå skal vi sjå nærare på posten som system ved å lage eit flytskjema.