Undervisningsopplegg

Økt 1: Posten skal fram

Postkasser

I denne økta skal oppdraget til elevane skape læringsbehov og ei engasjerande ramme gjennom undervisningsopplegget. Gjennom aktivitetane om system får elevane fram sine eigne forkunnskapar. Med posten som eit konkret eksempel byrjar dei å forstå kva som ligg i omgrepet kommunikasjonssystem og kva for delar eit slikt system består av. 

Læringsmål

Elevane skal kunne

  • analysere eit oppdrag, sjå kva det blir spurt etter og kva kompetanse/kunnskap dei treng for å løyse oppdraget
  • fortelje om funksjonen til Posten som kommunikasjonssystem og gi eksempel på delar det består av

Tidsbruk

1A. Innleiing  10–15 minutt
1B. Kva er eit system?  10–15 minutt
1C. Flytskjema posten  30–40 minutt
1D. Oppsummering  10–20 minutt
TOTALT  60–90 minutt
Naturfaglig språk

Fagspesifikke begrep

  • adresse
    unik identifikasjonsopplysning for ein geografisk stad eller ein eining
  • basestasjon
    sendar- og mottakarstasjon i mobilnettet
  • binære tal
    tal i totalssystemet som blir uttrykt med symbola 0 og 1
  • binær kode
    informasjon omsett til teikna 0 og 1 som datamaskinar kan lagre og overføre
  • dekning
    geografisk rekkevidde av eit trådlaust nett
    For eksempel mobilnett eller wifi.
  • funksjon
    kva noko gjer, eller kva det brukast til
  • grensesnitt
    kopling mellom to delar av eit kommunikasjonssystem
  • informasjon
    opplysningar som blir sende mellom delane i eit kommunikasjonssystem
  • internett
    globalt elektronisk kommunikasjonssystem som du kan koble deg til trådlaust eller med kabel
  • kryptering
    omforming av data slik at informasjonen dei inneheld ikkje kan lesast av uvedkommande
  • mottakar
    endepunkt for ei informasjonsoverføring
  • sampling
    avlesing av et signals nivå ved faste tidsintervaller og omforming av nivået til en digital tallverdi
  • sendar
    startpunkt for ei informasjonsoverføring
  • system
    noko som består av fleire delar som verkar saman

Forskerspirebegrep

  • kravspesifikasjon
    skildring av eigenskapar og funksjonar som eit produkt skal ha
  • modell
    forenkla framstilling, for eksempel ein gjenstand eller ein figur, som hjelper oss å forstå noko
Forsøk og praktisk arbeid

Førebuing og utstyr

1. Gjer deg kjent med læringsmåla (sjå førre side) og omgrepa som er sentrale i denne økta (markert med utheva skrift).

2. Gjer deg kjent med / tilpass PowerPoint-presentasjonen dersom du vil bruke han. Ark 12–18 handlar om kva eit system er. Dersom de har hatt mykje om dette tidlegare, kan du kutte ut desse sidene eller ta dei raskt som ein repetisjon.

3. Skriv ut elevhefte til kvar elev. Dette heftet må elevane ta godt vare på for dei skal bruke det gjennom heile opplegget.

Forsøk og praktisk arbeid

1A. Innleiing

Ark 1 i PowerPoint. Sei: Dette postkortet viser korleis ein såg for seg at teaterframsyningar kunne blir overført til personar som var langt unna.

Ark 2 i PowerPoint. Sei: I dag tar vi det som ein sjølvsagt ting, vi har jo TV og internett. 

Ark 3 i PowerPoint. Sei: I 1960 blei dette bildet laga som viser korleis dei såg for seg at familiemedlem kunne snakke saman på ein videotelefon. 

Ark 4 i PowerPoint. Sei: I dag tar vi også dette som ein sjølvsagt ting, vi har jo Skype og Snap. 

Ark 5 i PowerPoint. Sei: I 1996 fekk nokon i oppdrag å sjå 20 år fram i tid og tenke ut korleis vi kan få tilgang til alt, alltid. Dei såg for seg noko slikt ... 

Ark 6 i PowerPoint. Sei: I dag veit vi at løysinga ser litt annleis ut, men smarttelefonen har jo tilgang til alt, alltid ...

Ark 7 i PowerPoint. Sei: I denne reklamefilmen skal vi sjå at det alltid er vanskeleg å sjå for seg korleis framtida blir sjåande ut. Vis filmen.

Ark 8 i PowerPoint. Sei: Nå skal de få sjå ein film til, og denne handlar om smarte klede. Slik som vi nå har smarttelefon, kan også klede kommunisere. Vis filmen.

Ark 9 i PowerPoint. Sei: Nå skal de få eit oppdrag der de skal finne opp eit smart klesplagg. Les opp kortversjonen av oppdraget. 

Del ut elevheftet som blant anna inneheld oppdragsbrev og skjema for tekniske data til kvar elev. Be elevande skrive på namet sitt på førstesida og lese gjennom heile oppdragsbrevet og sjå på skjemaet (side 1–2). Sei: Kva blir det spurt etter her og kva kompetanse/kunnskap treng de for å løyse oppdraget?  Bruk  tenk-par-del . [Analyse av oppdragsbrevet viser at for å løyse oppdraget må elevane ha kunnskap om:

  • kva det betyr å integrere tekstil og teknologi
  • kva internett er
  • korleis ein får tilgang til internett og kan sende informasjon til og frå
  • kva slags informasjon som kan bli sendt til og frå internett
  • kva trådlaust betyr
  • kva tekniske data er
  • korleis eit flytskjema ser ut
  • kva kryptering betyr]  

Klikk vidare på ark 9 i PowerPoint. De veit ikkje kva alt dette betyr foreløpig, men vi skal lære mer om dette gjennom dei neste øktene, slik at de kan løyse oppdraget. 

 

Fagleg bakgrunn

 

Ark 10 i PowerPoint. Sei: Nå skal de så smått begynne å tenke på oppdraget. Smarte klede kan vere mange ulike ting, som klede som seier noko om kor mykje alkohol ein person har drukke eller sokkar som viser pulsen til ein baby. Snakk saman to og to for å komme opp med idear til andre smarte klede. Noter ned forslaga dykkar.  

Sei: Vi skal komme tilbake til oppdraget, men først må de lære kva eit elektronisk kommunikasjonssystem eigentleg er. 

 

Forsøk og praktisk arbeid

1B. Kva er eit system?

Ark 11 i PowerPoint. Sei: For å skjønne kva eit elektronisk kommunikasjonssystem er, må vi først vite kva eit kommunikasjonssystem er, og før det igjen kva eit system er. Kjem fram ved klikk.

Fagleg bakgrunn

Kommentar: Ark 12–18 handlar om kva eit system er. Dersom de har hatt mykje om dette tidlegare, kan du kutte ut desse sidene eller ta dei raskt som ein repetisjon.

Ark 12 i PowerPoint. Sei: Ein sykkel er eit eksempel på eit system. Ein sykkel består av fleire delar – desse delane verkar saman. Kva for delar består sykkelen av? [pedalar, styre, sete, hjul, bremsar, gir, kjede, ramme] Sei: Alle desse ulike delane verkar saman i systemet sykkel. Sei: Korleis kan vi definere kva eit system er? [noko som har mange delar, ein heilskap, noko som heng saman] 

Ark 13 i PowerPoint. Be elevane skrive ein definisjon av system på omgrepsarket, side 3 i elevheftet: 

system: noko som består av fleire delar som verkar saman.


Ark 14 i PowerPoint.
 Sei:
Kva funksjon har ein sykkel? Altså, kva gjer sykkelen, eller kva brukast han til? [forflytte oss] Kva funksjon har dei ulike delane på ein sykkel? Bruk  tenk-par-del  [pedalar: tråkke for å drive sykkelen fram, styre: svinge, sete: sitte på, hjul: rulle på underlaget, bremsar: redusere farten osv.]

Ark 15 i PowerPoint. Sei: Alle desse delane har kvar sin funksjon, men delane jobbar saman og gjer at vi kan bruke systemet sykkel til å forflytte oss. Sei: Dei ulike delane har også ei form som passar til funksjonen. Setet må vere forma på ein måte som gjer det godt å sitte på, hjula må ha ei form som gjer at dei rullar godt på underlaget osv.

Ark 16–18 i PowerPoint. Sei: Kan de komme på andre system? [lampe, bil, hus, boksopnar, mobiltelefon, fabrikk, skog, økosystem, kroppen ...] Sei: Lampe er eit eksempel på eit system. Skogen og kroppen vår er to andre eksempel på system. Dei ulike delane i systema kjem opp ved klikk.

Ark 19 i PowerPoint.  Sei: I oppdraget som de har fått, står det at de skal lage eit flytskjema. Kva er det? Dersom vi tenker på nervesystemet vårt, kan vi lage eit flytskjema for korleis informasjon blir send frå eit trafikklys når vi skal krysse vegen. Når grøn mann lyser, vil lysstråler treffe sanseceller i auget vårt. Desse sender nervesignal vidare til nerveceller som sender nervesignal til synssenteret i hjernen som tolkar signalet. Hjernen sender så nervesignal gjennom nerveceller til musklar i beina, som dermed begynner å bevege seg og gå over vegen. Så i eit flytskjema har vi med dei ulike delane av systemet og viser med piler og tekst kva som skjer trinn for trinn.

Ark 20 i PowerPoint. Sei: Nå skal vi sjå nærare på posten som system ved å lage eit flytskjema.

 

 

Forsøk og praktisk arbeid

1C. Flytskjema posten

Ark 21 i PowerPoint. Sei: Korleis trur de at eit brev kjem fram til ein mottakar? Bruk  tenk-par-del

Ark 22 i PowerPoint. Gå gjennom eit eksempel på flytskjema for korleis eit brev kjem fram til ein mottakar. Sei at elevane i oppdraget skal lage eit tilsvarande flytskjema for det smarte klesplagget sitt. 

Fagleg bakgrunn

Ark 23 i PowerPoint. Sei: Dei ulike delane av postsystemet har ulike funksjonar. Gå gjennom del for del, med eksempel frå posten (kjem opp ved klikk). Spør undervegs om elevane har forslag til eksempel.  

Fagleg bakgrunn

 

Forsøk og praktisk arbeid

1D. Oppsummering

Sei: Kva er den overordna funksjonen til posten som system? [sende brev/pakkar frå ein sendar til ein mottakar]. 

Sei: Posten er eit eksempel på eit kommunikasjonssystem. Felles for alle kommunikasjonssystem er at dei skal sende informasjon frå ein sendar til éin eller fleire mottakarar.

Ark 24 i PowerPoint. Be elevane skrive ned nøkkelsetninga på nøkkelsetningsarket på side 4 i elevheftet:

Funksjonen til alle kommunikasjonssystem er å sende  informasjon frå ein sendar til éin eller fleire mottakarar.


Sei: Kva for delar består postsystemet av? [sendar, mottakar, brev, fly, postbud, adresse ...]

Be elevane skrive ned nøkkelsetninga:

Eit kommunikasjonssystem består av fleire delar med kvar sin funksjon. Delane jobbar saman for å overføre informasjon.


Be også elevane skrive ned grensesnitt med forklaring på begrepsarket:

 grensesnitt: kopling mellom to delar i eit kommunikasjonssystem

 

Fagleg bakgrunn