Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Tidsbruk
  • 25–30 minutt

2D. Mobiltelefonnettet

Ark 22 i PowerPoint. Sei: Korleis kan vi få kontakt med internett? [trådlaust eller gjennom kabel] Vis hjemmeruteren i klasserommet. 

Ark 23 i PowerPoint. Sei: Kva er dekning? Er det nokon stadar på skolen at det ikkje er dekning?  Vis berre overskrifta først. Bruk  tenk-par-del der elevane delar erfaringar om dekning. Gi ei fagleg forklaring på omgrepet ved å samanlikne dekning med lysstråler som treff auget. Snakk saman om kvifor det ikkje er dekning alle stadar, for eksempel i ein kjellar med veggar som stoppar strålinga.

Ark 24 i PowerPoint. Vis 4G/Wifi-symbol på mobilen. Spør: I oppgåvene med internett har de no jobba med overføring av data gjennom wifi og kablar. Men på mobilen ser vi ofte at han bruker 4G. Når brukar vi 4G (eller 3G)? [Dersom mobilen ikkje er innanfor dekning av ein wifi-ruter, treng vi 4G.]

Sei: Nå skal vi lage ein modell som viser korleis mobiltelefonsystemet (4G) verkar. La to elevar vere basestasjonar og halde kvar sin basestasjon (A og B). Elev 3 skal vere ruter. Sei: I gamle dagar var det sentralborddamer som kopla saman kablar i ruteren, i dag går dette heilt automatisk. Elev 4 skal vere server med adresseliste.

Modell av mobiltelefonsystem

Sei: Vi skal nå sjå kva som skjer dersom Ola skal sende ein sms til Kari. Du er Ola som held ein mobiltelefon. 

  1. Systemet må vite kor Ola og Kari er. Alle telefonar har ei adresse, det er telefonnummeret. For at systemet skal vite kor telefonen er, må det få kontakt med ein basestasjon. Peik på elev 1 og 2. 
  2. Når Ola og Kari slår på telefonen, sjekkar telefonen om han har dekning frå ein mobilbasestasjon. Telefonen sender ut eit signal til basestasjonen. Illuder eit signal til den basestasjonen som står nærmast deg. Informasjon om kva for basestasjon som er nærmast blir sendt via ruteren til adresselista. Elev 3 (ruter) koplar saman kablane frå basestasjonen til serveren. Flytt deg nærare den andre basestasjonen, slik at elev 3 må kople om.
  3. Ola skriv ein sms og sender han til telefonnummeret til Kari. Lat som du skriv ein SMS. Beskjeden blir sendt til serveren. Elev 4 noterer ned kva for basestasjon Ola er ved.
  4. Serveren har adresseliste som viser kor Kari er. Serveren sender eit kort spørsmål gjennom ruter til basestasjonen for å sjekke om telefonen til Kari er påslått og klar til å ta imot ei melding. Dersom han er klar, blir meldinga sendt.

Ark 25 i PowerPoint. Vis oversikt over mobiltelefonnettet.

Spør elevane: Er det nokon som har sett ein basestasjon? Korleis ser dei ut? La nokre elevar få svare.

Ark 26–28 i PowerPoint. Vis bilde av basestasjonar.

Ark 29 i PowerPoint. Be elevane gå inn på finnsenderen.no og finne sendarar i nærleiken av skolen. Gi elevene i lekse å ta bilde av basestasjonar dei finn.

Fagleg bakgrunn

 

Kontakt med internett, trådlause samband og dekning

Ein PC kan vere knytt til internett gjennom ein kabel, men oftast får vil tilgang til internett gjennom trådlause samband, for eksempel wifi eller 4G.