Undervisningsopplegg

Økt 2: Internett finn deg

internett finn deg

I desse øktene skal elevane sjå nærare på inter­nett som eit elektronisk kommunikasjonssystem.

Læringsmål

Elevane skal kunne

  • skildre funksjonen til internett, kva sentrale delar det består av og korleis systemet finn informasjon som er lagra
  • fortelje om ulike måtar å koble seg trådlaust til internett på og korleis systemet kan vite kvar du er og kvar informasjon skal bli sendt
  • teikne flytskjema som viser eit eksempel på informasjonsflyt i internett

Tidsbruk

2A. Oppdrag snakketøy 15–20 minutt
2B. Søk opp Lady Gaga 25–35 minutt
2C. Flytskjema internett 25–35 minutt
2D. Mobiltelefonnettet 25–30 minutt
TOTALT 90–120 minutt
Naturfaglig språk

Fagspesifikke begrep

  • basestasjon
    sendar- og mottakarstasjon i mobilnettet
  • binære tal
    tal i totalssystemet som blir uttrykt med symbola 0 og 1
  • binær kode
    informasjon omsett til teikna 0 og 1 som datamaskinar kan lagre og overføre
  • dekning
    geografisk rekkevidde av eit trådlaust nett
    For eksempel mobilnett eller wifi.
  • funksjon
    kva noko gjer, eller kva det brukast til
  • grensesnitt
    kopling mellom to delar av eit kommunikasjonssystem
  • informasjon
    opplysningar som blir sende mellom delane i eit kommunikasjonssystem
  • internett
    globalt elektronisk kommunikasjonssystem som du kan koble deg til trådlaust eller med kabel
  • kryptering
    omforming av data slik at informasjonen dei inneheld ikkje kan lesast av uvedkommande
  • mottakar
    endepunkt for ei informasjonsoverføring
  • sampling
    avlesing av et signals nivå ved faste tidsintervaller og omforming av nivået til en digital tallverdi
  • sendar
    startpunkt for ei informasjonsoverføring
  • system
    noko som består av fleire delar som verkar saman

Forskerspirebegrep

  • kravspesifikasjon
    skildring av eigenskapar og funksjonar som eit produkt skal ha
  • modell
    forenkla framstilling, for eksempel ein gjenstand eller ein figur, som hjelper oss å forstå noko
Forsøk og praktisk arbeid

Førebuing og utstyr

1. Gjer deg kjent med læringsmåla (sjå førre side) og omgrepa som er sentrale i denne økta (markert med utheva skrift).

2. Gjer deg kjent med / tilpass PowerPoint-presentasjonen dersom du vil bruke han.

3. I denne økta skal elevane bruke datamaskinar (til kvart elevpar eller kvar elev). Noter deg nettadressene elevane må ha for å få tak i elevarket (viten.no/elkom2 eller viten.no/elkom2-NN) og Powerpoint-presentasjonen (viten.no/elkom3 eller viten.no/elkom3-NN) dei skal bruke. Eller legg ein kopi på læringsplattforma dykkar e.l.

4. Finn ut kvar skolen har ruterane sine.

5. Gjer deg kjent med modellen om mobiltelefonsystem der elevane skal vere delaktige og finn fram utstyret. Bilda under viser delane av modellen.

  • DSC_0003 red
  • DSC_0001 red
  • DSC_0002 red
  • DSC_0004 red
  • DSC_0005 red
  • DSC_0006 red
  • DSC_0007 red

Materialer og utstyr

Datamaskinar (til kvart elevpar eller kvar elev)

Til modell av mobiltelefonnett:

  • to papplater á ca. 50 x 15 cm
  • tre tynne tau á ca. 3 m
  • to mobiltelefonar
  • penn og papir (til adresseliste)
Forsøk og praktisk arbeid

2A. Oppdrag snakketøy

Be elevane finne fram og starte datamaskinane imens du startar på inneliinga.

Oppfrisking fra forrige økt. I forrige økt fikk de eit oppdrag. Hugsar de kva vi gjorde i forrige økt? Gi elevane litt tid til å tenke sjølve og la så nokre få svare. [system, kommunikasjonssystem, funksjon, sendar, mottakar, adresse]

Ark 1 i PowerPoint. Repeter oppdraget for elevane.

Ark 2 i PowerPoint. Fortel elevane at dei gjennom dei første øktane får sjå nokre videoar som viser ulike eksempel til inspirasjon når dei skal finne sin idé. I første økt fekk dei sjå smarte klær til ein fiskar. No skal dei få sjå eit innslag frå Schrödingers katt på NRK.

Ark 3 i PowerPoint. Vis innslaget. Det er innslag 6, frå 22m59s til 26m50s.

Påpeik at kjolen som de såg Lady Gaga brukte i innslaget ikkje var tilkopla internett. Spør: Kva funksjonar kan de tenke dykk kjolen kunne ha om han var tilkopla internett?

Ark 4 i PowerPoint. Sei: De er fortsatt i idéfasen i oppdraget. De har no 5–10 minutt på komme på fleire idéar. Bruk internettsøk som hjelp til å sjekke om idéar de kjem opp med allereie finst!

 

Forsøk og praktisk arbeid

2B. Søk opp Lady Gaga

Sei: No har de brukt internett som hjelpemiddel i idéfasen. Internett er eit elektronisk kommunikasjonssystem.

Ark 5 i PowerPoint. Sei: Hugs at klesplagget de skal finne opp skal kommunisere med internett og at de skal lage eit flytskjema som viser kva delar systemet består av og korleis informasjonen blir sendt frå sendar til mottakar. Vidare i økta skal vi derfor sjå litt meir på korleis internett teknisk fungerer. Spør: Kva for funksjonar har internett? Bruk  tenk-par-del

Ark 6 i PowerPoint. Be elevane skrive ned nøkkelsetninga om funksjonar til internett på nøkkelsetningsarket på side 4 i elevheftet.

Internett er eit globalt kommunikasjonssystem. Funksjonen til internett er å lagre og finne informasjonen og å sende rett informasjon til rett mottakar.


Ark 7 i PowerPoint.
Sei: Når vi såg på videoen på NRK i stad, henta vi han fram ved å gå til ein nettadresse i nettlesaren. Adresser for nettsider blir ofte kalla URL-ar, og er bygde opp av eit domene + ein sti. Domenet fortel kva for ein datamaskin på nettet innhaldet skal hentast frå. Slike datamaskinar kallar vi serverar. Stien seier kva for ei side serveren skal vise.

Fagleg bakgrunn

 

Ark 8 i PowerPoint. Be elevane skrive ned nøkkelsetninga om funksjonen til en server.

Funksjonen til ein server er å ta i mot, lagre og gi frå seg informasjon. Systemet må vite adressa til serveren for å finne den informasjonen vi leitar etter.


Ark 9 i PowerPoint.
Fortel elevane at dei skal jobbe i par med elevarket Søk opp Lady Gaga. Word-fila kan dei hente ned frå viten.no/elkom2 (bokmål) / viten.no/elkom2-NN (nynorsk) eller du kan legge fila i læringsplattformen, på hjemmeområdet e.l. Ev. kan du skrive ut elevarket og dele det ut. Men det er enklare at elevane får skrive og kopiert tekst direkte i dokumentet på datamaskinen.

La elevane jobbe med elevarket i rundt 10 minutt.

Ark 10 i PowerPoint. Oppsummer kort ved å vise eksempelet på ei rute datatrafikken kan ta. Poengter at for kvar raude prikk er det ein type datamaskin vi kallar ruter (kjem opp ved klikk).

Ark 11 i PowerPoint. Sei: Ruterar er som vegkryss i internett. Når vi skal finne informasjon som ligg på ein spesiell server, må informasjonen sendast gjennom kablar og ruterar i eit eller fleire land.

Ark 12 i PowerPoint. Sei: I tillegg til å vere vegkryss har ruterar noko vi kallar rutingtabeller. Det vil seie at dei veit kva som er raskaste vegen vidare. Litt som vi kan bruke karttenester til å finne raskaste vegen å køyre mellom to stadar. Fortel kvar skolen har ruterane sine. 

Ark 13 i PowerPoint. Sei: Det er ikkje berre nettleverandørane som har ruterar (bilde til venstre). Dei fleste av dykk har nok ein hjemme også (bilde til høgre). Hjemmeruterar har som regel både moglegheiter for kabeltilkoblingar og wifi.

Ark 14 i PowerPoint. Be elevane skrive ned nøkkelsetningane om funksjonen til ein ruter.

Funksjonen til ein ruter er å sende informasjonen raskaste veg vidare.


Ark 15 i PowerPoint.
Be elevane finne fram elevark Delar i eit kommunikasjonssystem på side 5 i elevheftet. Sei at dei nå skal forsøke å fylle inn kolonna til høgre. Oppsummer elevarket ved å la nokre elevar seie sine eksempel. Vis eitt forslag der ein "snap" er eksempel (kjem opp ved klikk). 

Fagleg bakgrunn

Informasjon blir transportert frå sendar til mottakar gjennom telenettet som består av ruterar, kablar og trådlause samband.

 

Forsøk og praktisk arbeid

2C. Flytskjema internett

Ark 16 i PowerPoint. Sei: I den første økta laga vi eit flytskjema for posten. No skal vi gjere det same for internett.

Ark 17 i PowerPoint. Sei: Eit flytskjema kan lagast på mange ulike vis og er ei grafisk framstilling av eit system eller ein prosess som illustrerer samanhengar mellom dei ulike delane av systemet eller prosessen. Eit flytskjema kan innehalde både tekst og symbol. Det er vanleg å bruke piler til å vise den kronologiske ordenen i systemet.

Ark 18 i PowerPoint. Sei: Her er eit eksempel på eit enkelt animert flytskjema for kva som skjer når vi hentar opp ei nettside. Klikk trinnvis gjennom animasjonen mens du les opp teksten.

Ark 19 i PowerPoint. Sei: Her er eit flytskjema som viser det same, men dette er sett opp slik vi gjorde med posten i økt 1. De skal lage flytskjema på denne måten for det smarte klesplagget dykkar. Klikk trinnvis gjennom animasjonen mens du les opp teksten.

Ark 20–21 i PowerPoint. Fortel elevane at dei skal jobbe i par. Dei skal opne PowerPoint-fila infografikk – slik virker internett. Fila kan dei laste ned på viten.no/elkom3 (bokmål) / viten.no/elkom3-NN (nynorsk) om du ikkje legg fila i læringsplattforma dykkar. Dei skal lage sitt eige flytskjema i PowerPoint-fila som viser hva som skjer når ein sender ein epost til ein medelev. Dei skal bruke piler for å vise korleis informasjonen flyttar seg og skrive forklarande tekst til pilane. På det andre arket er det figurar dei kan ha med. 

Elevane kan også bruke internett som hjelpemiddel. Fortel elevane kor lang tid dei har på oppgåva (15–20 minutt).

La gjerne nokre elevpar få vise og forklare flytskjemaet sitt i plenum.

 

Forsøk og praktisk arbeid

2D. Mobiltelefonnettet

Ark 22 i PowerPoint. Sei: Korleis kan vi få kontakt med internett? [trådlaust eller gjennom kabel] Vis hjemmeruteren i klasserommet. 

Ark 23 i PowerPoint. Sei: Kva er dekning? Er det nokon stadar på skolen at det ikkje er dekning?  Vis berre overskrifta først. Bruk  tenk-par-del der elevane delar erfaringar om dekning. Gi ei fagleg forklaring på omgrepet ved å samanlikne dekning med lysstråler som treff auget. Snakk saman om kvifor det ikkje er dekning alle stadar, for eksempel i ein kjellar med veggar som stoppar strålinga.

Ark 24 i PowerPoint. Vis 4G/Wifi-symbol på mobilen. Spør: I oppgåvene med internett har de no jobba med overføring av data gjennom wifi og kablar. Men på mobilen ser vi ofte at han bruker 4G. Når brukar vi 4G (eller 3G)? [Dersom mobilen ikkje er innanfor dekning av ein wifi-ruter, treng vi 4G.]

Sei: Nå skal vi lage ein modell som viser korleis mobiltelefonsystemet (4G) verkar. La to elevar vere basestasjonar og halde kvar sin basestasjon (A og B). Elev 3 skal vere ruter. Sei: I gamle dagar var det sentralborddamer som kopla saman kablar i ruteren, i dag går dette heilt automatisk. Elev 4 skal vere server med adresseliste.

Modell av mobiltelefonsystem

Sei: Vi skal nå sjå kva som skjer dersom Ola skal sende ein sms til Kari. Du er Ola som held ein mobiltelefon. 

  1. Systemet må vite kor Ola og Kari er. Alle telefonar har ei adresse, det er telefonnummeret. For at systemet skal vite kor telefonen er, må det få kontakt med ein basestasjon. Peik på elev 1 og 2. 
  2. Når Ola og Kari slår på telefonen, sjekkar telefonen om han har dekning frå ein mobilbasestasjon. Telefonen sender ut eit signal til basestasjonen. Illuder eit signal til den basestasjonen som står nærmast deg. Informasjon om kva for basestasjon som er nærmast blir sendt via ruteren til adresselista. Elev 3 (ruter) koplar saman kablane frå basestasjonen til serveren. Flytt deg nærare den andre basestasjonen, slik at elev 3 må kople om.
  3. Ola skriv ein sms og sender han til telefonnummeret til Kari. Lat som du skriv ein SMS. Beskjeden blir sendt til serveren. Elev 4 noterer ned kva for basestasjon Ola er ved.
  4. Serveren har adresseliste som viser kor Kari er. Serveren sender eit kort spørsmål gjennom ruter til basestasjonen for å sjekke om telefonen til Kari er påslått og klar til å ta imot ei melding. Dersom han er klar, blir meldinga sendt.

Ark 25 i PowerPoint. Vis oversikt over mobiltelefonnettet.

Spør elevane: Er det nokon som har sett ein basestasjon? Korleis ser dei ut? La nokre elevar få svare.

Ark 26–28 i PowerPoint. Vis bilde av basestasjonar.

Ark 29 i PowerPoint. Be elevane gå inn på finnsenderen.no og finne sendarar i nærleiken av skolen. Gi elevene i lekse å ta bilde av basestasjonar dei finn.

Fagleg bakgrunn

 

Kontakt med internett, trådlause samband og dekning

Ein PC kan vere knytt til internett gjennom ein kabel, men oftast får vil tilgang til internett gjennom trådlause samband, for eksempel wifi eller 4G.