Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Tidsbruk
  • 25–35 minutt

2B. Søk opp Lady Gaga

Sei: No har de brukt internett som hjelpemiddel i idéfasen. Internett er eit elektronisk kommunikasjonssystem.

Ark 5 i PowerPoint. Sei: Hugs at klesplagget de skal finne opp skal kommunisere med internett og at de skal lage eit flytskjema som viser kva delar systemet består av og korleis informasjonen blir sendt frå sendar til mottakar. Vidare i økta skal vi derfor sjå litt meir på korleis internett teknisk fungerer. Spør: Kva for funksjonar har internett? Bruk  tenk-par-del

Ark 6 i PowerPoint. Be elevane skrive ned nøkkelsetninga om funksjonar til internett på nøkkelsetningsarket på side 4 i elevheftet.

Internett er eit globalt kommunikasjonssystem. Funksjonen til internett er å lagre og finne informasjonen og å sende rett informasjon til rett mottakar.


Ark 7 i PowerPoint.
Sei: Når vi såg på videoen på NRK i stad, henta vi han fram ved å gå til ein nettadresse i nettlesaren. Adresser for nettsider blir ofte kalla URL-ar, og er bygde opp av eit domene + ein sti. Domenet fortel kva for ein datamaskin på nettet innhaldet skal hentast frå. Slike datamaskinar kallar vi serverar. Stien seier kva for ei side serveren skal vise.

Fagleg bakgrunn

 

Ark 8 i PowerPoint. Be elevane skrive ned nøkkelsetninga om funksjonen til en server.

Funksjonen til ein server er å ta i mot, lagre og gi frå seg informasjon. Systemet må vite adressa til serveren for å finne den informasjonen vi leitar etter.


Ark 9 i PowerPoint.
Fortel elevane at dei skal jobbe i par med elevarket Søk opp Lady Gaga. Word-fila kan dei hente ned frå viten.no/elkom2 (bokmål) / viten.no/elkom2-NN (nynorsk) eller du kan legge fila i læringsplattformen, på hjemmeområdet e.l. Ev. kan du skrive ut elevarket og dele det ut. Men det er enklare at elevane får skrive og kopiert tekst direkte i dokumentet på datamaskinen.

La elevane jobbe med elevarket i rundt 10 minutt.

Ark 10 i PowerPoint. Oppsummer kort ved å vise eksempelet på ei rute datatrafikken kan ta. Poengter at for kvar raude prikk er det ein type datamaskin vi kallar ruter (kjem opp ved klikk).

Ark 11 i PowerPoint. Sei: Ruterar er som vegkryss i internett. Når vi skal finne informasjon som ligg på ein spesiell server, må informasjonen sendast gjennom kablar og ruterar i eit eller fleire land.

Ark 12 i PowerPoint. Sei: I tillegg til å vere vegkryss har ruterar noko vi kallar rutingtabeller. Det vil seie at dei veit kva som er raskaste vegen vidare. Litt som vi kan bruke karttenester til å finne raskaste vegen å køyre mellom to stadar. Fortel kvar skolen har ruterane sine. 

Ark 13 i PowerPoint. Sei: Det er ikkje berre nettleverandørane som har ruterar (bilde til venstre). Dei fleste av dykk har nok ein hjemme også (bilde til høgre). Hjemmeruterar har som regel både moglegheiter for kabeltilkoblingar og wifi.

Ark 14 i PowerPoint. Be elevane skrive ned nøkkelsetningane om funksjonen til ein ruter.

Funksjonen til ein ruter er å sende informasjonen raskaste veg vidare.


Ark 15 i PowerPoint.
Be elevane finne fram elevark Delar i eit kommunikasjonssystem på side 5 i elevheftet. Sei at dei nå skal forsøke å fylle inn kolonna til høgre. Oppsummer elevarket ved å la nokre elevar seie sine eksempel. Vis eitt forslag der ein "snap" er eksempel (kjem opp ved klikk). 

Fagleg bakgrunn

Informasjon blir transportert frå sendar til mottakar gjennom telenettet som består av ruterar, kablar og trådlause samband.