Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Eigentleg og oppfatta djupn

8.7 Ekte og oppfattet dybde NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Legg ein plastellinafisk i botnen av eit kar med vatn. Prøv å spidde fisken med ein blyant. Diskuter kor du bør sikte for å treffe fisken. Sett blyanten diagonalt halvvegs ned i vatnet. Spør: Korleis ser blyanten ut? Kva for veg ser han ut til å bøye seg? Sei: Ein skyttarfisk fangar byttet sitt ved å skyte ein vasstråle på eit insekt frå under vassoverflata. Kva for problem må skyttarfisken løyse for å få dette til? Bruk  tenk-par-del .

Sei: Når lyset går frå vatn til luft blir det bøygd. Dette kallar vi lysbrytning. Det skjer når lyset treff vatnet i ein vinkel fordi lyset går saktare i vatn enn i luft. Når dette lyset når auga våre, tolkar hjernen det som om lyset går i ei rett linje. Derfor ser vatnet grunnare ut enn det eigentleg er, og fiskane ser ut til å vere høgare oppe i vatnet enn dei er. Lyset blir brote i motsett retning når det går frå vatn til luft. Ulike stoff bryt lyset i ulik grad. Farten som vatnet beveger seg med har ingenting å seie for kor mykje lyset blir brote. Lys med ulike bølgelengder vil også bli brote i ulik grad, det er grunnen til at eit prisme spaltar det kvite lyset i ulike fargar. 

Be elevane teikne skisser for å vise korleis lysbrytning kan gjere at vi på veldig varme dagar kan sjå luftspeglingar. 

 

Materialer og utstyr

fisk av plastellina eller liknande
kar med vatn
blyant