Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • fysikk 1

Kva endrar seg?

Grubleoppgave om lysbrytning: Hva endrer seg? 1

Lys blir brote når det går frå luft ned i vatn under ein vinkel forskjellig frå 90 gradar. Dette er lysbrytning. Kva blir ikkje endra når lyset blir brote slik?

a)      gjennomsnittsfarten til lyset

b)      brytningsindeksen til stoffet  

c)      frekvensen til lyset  

d)      bølgjelengda til lyset

Faglig forklaring

Grubleoppgave om lysbrytning: Hva endrer seg? 3 Svar: c) frekvensen til lyset

Lysfarten i vatn er mindre enn farten i luft. Brytningsindeksen er ein storleik som forandrar seg når bølgjefarten endrar seg (høgare indeks ved lågare fart). Det vil seie at brytningsindeksen er større for vatn enn for luft. Lysbølgja rett utanfor overflata ”driv” bølgja rett på innsida av overflata, slik at mengda vibrasjonar passar saman. Derfor vil ikkje frekvensen endre seg. Same frekvens og redusert fart vil seie ei kortare bølgjelengde i vatn – slik du ser samanpressa bølgjefrontar på teikninga ved sida av.

 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjennomføre forsøk med lys, syn og farger, og beskrive og forklare resultatene

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • definere og regne med begrepene frekvens, periode, bølgelengde og bølgefart, og forklare kvalitativt bøynings- og interferensfenomener