Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

2B. Søk opp Lady Gaga

Klesplagget elevane skal finne opp skal kommunisere med internett og i oppdraget står det at dei skal lage eit flytskjema som viser kva delar systemet består av og korleis informasjonen blir sendt frå sendar til mottakar. Derfor er neste steg å sjå litt meir på korleis internett teknisk fungerer.

Bruk tenk-par-del og spør elevane kva for funksjonar internett har.

Gå gjennom Ark 6–7 i presentasjonen, kva er eigentleg internett?

Fagleg bakgrunn

 

La elevene jobbe i gruppene med Elevheftet: Søk opp Lady Gag, ca. 10 minutt. Gjennom desse oppgåvene får elevane jobbe med omgrepa nettadresse, ip-adresse, ruter og rutingtabellar.

Summer opp ved å vise eksempelet på ei rute datatrafikken kan ta (Ark 9 i presentasjonen).

Poengter at for kvar raude prikk er det ein type datamaskin vi kallar ruter (kjem opp ved klikk).
Gå gjennom korleis ruterar verkar, ark 9-12 i presentasjonen.

Fagleg bakgrunn

 


Fortel kvar skolen har ruterane sine.

Be elevane om å finne fram Delar i eit kommunikasjonssystem i Elevheftet og fylle inn kolonnen til høgre i skjema. Dei kan sjølv velje kva slags informasjon dei skal sende, og korleis informasjonen skal sendast. Summer opp ved å la nokre elevar seie sine eksempel. Vis eitt forslag der ein "snap" er eksempel (Ark 13 i presentasjonen).

Fagleg bakgrunn