naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
Is som smeltar med utgangspunkt i grubleteikning
Mål for aktiviteten
At elevane skal kunna skilja mellom vekt og massetetthet (densitet).
Framgangsmåte
Kvar elev får utlevert ein grubleteikning (du finn det på http://www.naturfag.no/grubletegninger). Elevene får diskutere grubleteikningen, og får i oppgåve å diskutera korleis dei kan testa dei ulike utsegna. Elevane kan deretter vege ei gitt mengde is før og etter smelting for å sjå om vekta endrar seg.
Grubleteikningar kan med fordel kombinerast med forsøk. Det finst fleire relevante grubleteikningar med is. Det er viktig at elevane sett seg godt inn i argumenta og lagar seg ein hypotese før dei går i gang med forsøket.
Faglig forklaring
Det er volumet (og ikkje massen!) som forandrar seg når isen smelter. Vatnet treng mindre plass enn is, og vi seier at massetettheten til vatn er større enn massetettheten for is.
Ekstraforsøk/diskusjon Fyll ein mjølkekartong heilt med vatn og steng den godt igjen. Legg kartongen i frysaren nokre dagar. Korfor bular kartongen ut når vatnet har frose til is?
Kommentarer/praktiske tips
Ekstraforsøk/diskusjon
Fyll ein mjølkekartong heilt med vatn og steng den godt igjen. Legg kartongen i frysaren nokre dagar. Korfor bular kartongen ut når vatnet har frose til is?