Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Løft ein isbit ved hjelp av ein sytråd og salt

Mål for aktiviteten

Å erfara at vi kan løfte ein isbit ut av vatnet ved hjelp av ein sytråd.

Framgangsmåte

Legg ein isbit i eit glas med vatn og legg ein ende av sytråden oppå isbiten. Strø så litt salt på isbiten der sytråden ligg. Etter kort tid kan du løfta isbiten med sytråden. 

Går forsøket like bra om isbiten ikkje ligg i vatn, men på eit tørkepapir på bordet? Ut frå forsøka ovanfor og forklaringa av dei kan du no forklara korfor sytråden heng fast i isbiten?

Faglig forklaring

Når isbiten ligg i vatn så vil litt av vatnet som ikkje er salt frysa fast i isbiten pga. den låge temperaturen som salt/isblandinga lagar.

Isbiten heng fast i sytråden så den kan løftast frå vatnet.
Isbiten heng fast i sytråden så den kan løftast frå vatnet.

Materialer og utstyr

  • Isbit
  • koksalt
  • sytråd.