Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Breis

Mål for aktiviteten

Å erfara at breis ikkje er tett, og at is kan ha ulike eigenskapar alt etter korleis den er laga.

På ein bre kjem det mange meter med snø igjennom året, ofte også om sommaren fordi lufta då også er svært kald over ein bre. Når det blir mange meter med snø, så blir det kraftig trykk på den nederste snøen. Snø er is med mykje luft i og vil når den blir utsett for høgt trykk smelta til vatn som har temperatur under null grader, og mesteparten av lufta i snøen blir pressa ut. Denne snø/vassblandinga vil frysa til breis.

Under forsøket med å dela ei isblokk i to, gjorde me forsøk som viste at vanleg is ikkje slepp igjennom farga vatn. På bildet under har me lagt nokre dråpar farga vatn øvst på breisklumpen. Me ser at det farga vatnet renn igjennom breisen, altså er breis ikkje vasstett slik som vanleg is! Altså kan is ha ulike eigenskapar alt etter korleis den er laga.

Farga vatn renn lett igjennom ein isklump henta frå breen. Merk at det farga vatnet renn igjennom plane flater inne i 
isklumpen. Farga vatn renn lett igjennom ein isklump henta frå breen. Merk at det farga vatnet renn igjennom plane flater inne i isklumpen.

Kommentarer/praktiske tips

Forskarspireoppgåve til elevar

kan de laga breis av snø med utstyr du har heime eller på skolen? Får denne isen same eigenskaper som ekte breis?

Materialer og utstyr

  • Snø
  • fryseboks