naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
Kuldeblanding (Kan is smelta når temperaturen blir under null grader?)
Mål for aktiviteten
At elevane skal få erfaring med nedsetting av smeltepunkt i ei kuldeblanding.
Framgangsmåte
Knus is i så små bitar du kan, eller bruk snø. Bland den knuste isen(snøen) med om lag halvparten så mykje koksalt som snø/is og sørg for at koksaltet og den knuste isen (snøen) blir blanda godt. Bruk gjerne eit termometer å røra med så kan du lesa av temperaturen i blandinga direkte på termometeret. Kor låg temperatur kan du oppnå? Kors kan ein forklara den låge temperaturen i blandinga? Blanding av om lag 1/3 koksalt og 2/3 is vil ha eit smeltepunkt på om lag 21 minusgrader. Ved å blanda knust is (snø) vil temperaturen gå ned til smeltepunktet for blandinga av salt og is.
Faglig forklaring
I den ytterste delen av ein isklump er det alltid nokre partiklar i vassfase og når saltet kjem i kontakt med dette vatnet blir kreftene mellom saltpartiklane (iona) brote slik at saltpartiklane blandar seg mellom vasspartiklane (makroverden: saltet oppløyser seg). Etter kvart vil nokre av saltpartiklane (iona) kome i nærkontakt med nokre ispartiklar og øydelegg retningskrafta mellom desse slik at dei kjem i vassfase. Temperaturen går ned fordi for kvar partikkel i isfase som går over til vassfase, krev tilførsel av energi. Energien blir tatt frå rørsleenergien til partiklane i nærleiken og dermed går temperaturen ned.
Dette fenomenet brukar me ofte om vinteren når det har frose is på trappa: Me strør litt salt på isen så den smeltar, og me får saltvatn som lett kan kostast bort frå trappa. Viss lufttemperaturen nærmar seg minus tjue grader verkar ikkje metoden! Men då er isen heller ikkje så glatt!
Materialer og utstyr
- Knust is eller snø
- koksalt
- begerglas
- termometer.