Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Korfor er is glatt?

Mål for aktiviteten

Å erfara at det er litt vatn i væskeform på overflata av ein isbit og meir vatn di nærmare isbiten er smeltepunktet. Det er dette overflatevatnet som gjer isbiten glatt.

Framgangsmåte

La elevane få samanlikna kor glatt ein isbit som har lagt ei stund på pulten er samanlikna med ein isbit som blir henta direkte frå frysaren. Kors kan me samanlikna kor glatte dei er? Korfor er den eine glattare enn den andre?

Bilde av to isbitar som samtidig er gitt eit lite og likt puff med linjalen. Den eine isbiten er nettopp henta frå frysaren, mens den andre har vore nokre minuttar i romtemperatur. Kva for ein av isbitane er nettopp komen frå frysaren? Bilde av to isbitar som samtidig er gitt eit lite og likt puff med linjalen. Den eine isbiten er nettopp henta frå frysaren, mens den andre har vore nokre minuttar i romtemperatur. Kva for ein av isbitane er nettopp komen frå frysaren?

Faglig forklaring

På ein isbit som har temperatur ikkje så langt frå smeltepunktet vil det på heile overflata smelta litt is til vatn. Me ser at isbiten som har vore i romtemperatur nokre minuttar er noko glattare enn den som nyss var henta frå frysaren. Frå partikkelmodellen veit vi at i faste stoff heng partiklane fast i kvarandre i ein viss avstand og ein viss retning, men i væske kan dei trilla rundt kvarandre liksom kuler. Vatnet rundt isbiten verkar om lag som trillande kuler og medfører derfor at isen er glatt. Den isbiten som har vore i romtemperatur har meir vatn rundt seg enn den som kjem rett frå frysaren. Fenomenet med at litt is lett kan bli til vatn ved auka trykk og dermed svært glatt blir brukt når ein går på skøyter og når ein spelar curling. Forklar korleis!

Materialer og utstyr

To like isbitar, linjal.