Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Tidsbruk
  • 20 minutt

4A. Binære tal

Oppfrisking frå forrige økt. Hugsar de kva vi snakka om i forrige økt? Gi elevane litt tid til å tenke sjølve og la så nokre få svare. [wifi, basestasjon, 4G, satellitt, trådlaus kommunikasjon, binær kode, kryptering, bitfart]
 
Ark 1 i PowerPoint. Sei: Legg merke til kva for eit smart klesplagg vi ser i dette klippet og korleis det fungerer. Vis innslag frå Dagsrevyen 20/2-17(frå 8m45s til 10m36s).
 
Spør: Kva for eit plagg såg vi? [pustevest for spedbarn] Kva registrerte vesten? [korleis barnet pusta, lungevolum og luftstraum per tid]
 
Ark 2 i PowerPoint. Det sit sensorar i vesten som registrerer pusten til barnet. Resultatet ser vi som ein graf. Korleis trur de at vi kan sende denne informasjonen ved å bruke berre 0 og 1? La elevane snakke saman to og to. Poenget er ikkje å vite svaret på dette, men å undre seg. Kanskje nokre elevar kan noko om dette og kan fortelje til dei andre.
 
Sei: Vi kan sjå at det står nokre tal på aksane. Men vi må gjere om desse tala til 0 og 1.
 
Ark 3 i PowerPoint. Sei: Kor mange symbol har talsystemet vårt? [10] Vi kallar tala som vi bruker for desimale tal. Desi kjem frå det latinske decimus, som betyr tiende.
 
Ark 4 i PowerPoint. Kor mange symbol trur de at binære tal har? [to; 0 og 1] Binær kjem også frå latin og betyr to og to.
 
Ark 5 i PowerPoint. Sei: Nå skal de gjere om frå desimale tal til binære tal. Gå gjennom eksempla.
 
Ark 6 i PowerPoint. Be elevane slå opp på side 7 i elevheftet: Binære tal og be dei to og to fylle ut tabellen.
 

Fagleg bakgrunn