Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kva er samanhengen mellom friksjon og glid?

7.5 Hva er sammenhengen mellom gli og friksjon_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Be elevane tenke at dei dyttar ei tung vogn med hjul. Snakk saman om kva for krefter som må til for å få vogna til å bevege seg og kva for kreftar som hindrar bevegelse. Spør: Kor trur de desse kreftene kjem frå? Kvifor trur de at klinkekuler og gummikuler får ting til å bevege seg lettare? Bruk tenk-par-del.

Forklar til elevane: Friksjon er ei kraft som motverkar bevegelse og som alltid verkar i motsett retning av bevegelsen til eit objekt. Friksjon er ofte forårsaka av ei overflate som er ru (nokre gongar på molekylært nivå). Det finst fleire typar friksjon, men i dette eksempelet er det berre to typar som verkar; statisk friksjon og kinetisk friksjon. Statisk friksjon verkar når eit objekt er i kontakt med eit anna objekt, utan at dei beveger seg. Katten kan sitje på ei skrå overflate og ikkje gli ned viss den statiske friksjonen er stor nok til å motverke tyngdekrafta som drar han nedover. Viss taket er glatt, eller veldig bratt, kan tyngdekrafta vere større enn den statiske friksjonen, og da sklir katten. Kinetisk friksjon skjer når eit objekt beveger seg over ei overflate. Når katten beveger seg, er friksjonen berre kinetisk. Kinetisk friksjon er nesten alltid mindre enn statisk friksjon, så den største friksjonen får vi rett før eit objekt begynner å bevege seg. 

Be elevane teikne ei skisse for å vise når friksjon kan vere nyttig og unyttig for folk. 

 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)