Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • fysikk 1

Friksjon

Ho held boka i ro mot veggen som vist i figuren. Friksjonen på boka frå veggen verkar..

a)    oppover
b)    nedover
c)    umogeleg å avgjere  Grubleoppgaver_15QA  

Faglig forklaring

Dersom ho trykkjer boka mot veggen slik at vertikalkomponenten av krafta hennar på boka er mindre enn tyngda av boka, vil friksjonen verke oppover for at boka skal vere i ro. Dersom ho trykkjer slik at vertikalkomponenten av trykkraften hennar er lik boka si tyngd, vil det ikkje verke nokon friksjon frå veggen på boka.

Dersom ho trykkjer hardare slik at vertikalkomponenten av krafta hennar på boka overstig boka si tyngd, vil friksjonen verke nedover. Derfor kan vi ikkje avgjere retninga til friksjonen utan å vite korleis tyngda til boka er samanlikna med den vertikale komponenten av trykkraften hennar på boka.

Riktig løysing blir difor c) umogeleg å avgjere.


Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjøre forsøk og enkle beregninger med arbeid, energi og effekt

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • identifisere kontaktkrefter og gravitasjonskrefter som virker på legemer, tegne kraftvektorer og bruke Newtons tre lover