Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

5B. Presenter løysing

Be elevane vurdere kvar presentasjon ved å bruke skjemaet kriterier for kvarandrevurdering. Be dei gje kvar gruppe minst ein kommentar på noko som var bra, og ein kommentar på noko som dei kunne gjort meir utav.

La elevane vise filmane/bildeseriane sine, 3 minutt per gruppe.

Etter kvar presentasjon, set av 4 min til at gruppene kan skrive spørsmål og kommentarar som dei sender til læraren (digitalt eller på papir). Læraren plukkar deretter ut nokre av spørsmåla som gruppa svarar på. Minn elevane på at spørsmåla som blir stilte også inngår i kriteria for måloppnåing.

Eksempel på tidsskjema:

Gruppe 1 presenterer 3 minutt
Dei andre gruppene diskuterer og sender spørsmål og kommentarar 4 minutt
Lærar vel ut nokre spørsmål som gruppe 1 svarar på 5 minutt
Gruppe 2 presenterer 3 minutt
Gruppene diskuterer og sender spørsmål og kommentarar 4 minutt
Lærar vel nokre spørsmål som gruppe 2 svarar på 5 minutt