naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
    Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland 
    Personvernerklæring
    Tilgjengelegheitserklæring
    
            
                 Undervisningsopplegg
                        
        
        Økt 5: Fullfør oppdraget
I denne økta skal elevane bruke alt dei har lært gjennom dei tidlegare øktene til å presentere ideen sin som svar på oppdraget. Gjennom ein film eller bildeserie skal dei fortelje korleis produktet verkar og korleis systemet er bygd opp.
Læringsmål
Elevane skal kunne
- bruke kunnskap om elektroniske kommunikasjonssystem til å utvikle ein ide til eit smart klesplagg
- visualisere og presentere ideen til det smarte klesplagget gjennom ein film eller bildeserie
- formidle eigen produktidé og vurdere arbeid og formidling til medelevar.
Tidsbruk
| 5A. Førebu presentasjon av løysing | 30–40 minutt | 
| 5B. Presenter løysing | 50–70 minutt | 
| 5C. Summer opp | 10 minutt | 
| TOTALT | 90–120 minutt | 
