Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Tidsbruk
  • 20–30 minutt

3C. Krypter koden

Ark 16 i PowerPoint. Sei: I filmen såg vi at eit elektronisk plagg blei brukt for å behandle sykdomsplager. Helseopplysningar er sensitiv informasjon som ikkje framande skal kunne få tak i. Og kva om nokre framande tok over og styrte behandlinga?

Ark 17 i PowerPoint. Sei: Slik informasjon må derfor bli kryptert. Nå skal vi prøve oss på litt kryptering.

Be elevane ha side B på elevarket oppe og ha blyant/penn klar.

Hald eit talkort med 0 i den eine handa og eit med 1 i den andre. Send eit ord på fire bokstavar der to og to tal i ASCII-koden byttar plass. Elevane skal først notere ned bokstavane du sender ved å løfte talkorta, f.eks. LUS:

10001100 10101010 10100011

Når elevane har notert den krypterte meldinga i skjemaet, kan du be dei raskt sjekke om dei ser kva som er sendt. Sei: Om de hadde fått meir tid er det kanskje nokon som hadde funne ut av krypteringa, men no skal de få sjå krypteringsnøkkelen slik at de kan dekryptere.

Ark 18 i PowerPoint. Vis krypteringsnøkkelen og be elevene dekryptere og deretter finne ut kva for ord du sende.

Etterpå ber du kvart elevpar om å lage sin eigen krypteringsnøkkel. Dei skal så kryptere eit ord som dei skal sende til eit annet elevpar. Nøkkelen skal dei gi til det andre paret som skal bruke han til å dekryptere ord elevparet sendte.

Ark 19 i PowerPoint. Be elevane notere omgrepa binær kode og kryptere på omgrepsarket.

binær kode: informasjon omsett til teikna 0 og 1 som datamaskinar kan lagre og overføre

kryptere: forme om data på ein avtalt måte slik at informasjonen ikkje kan bli lest av uvedkomande