Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Tidsbruk
  • 30–45 minutt

3B. Send ord med binær kode

Sei: Nå har vi snakka om kva dekning er og at det er fire ulike kategoriar for trådlaus kommunikasjon. Men korleis blir informasjon send frå telefon til telefon? Vi kan sende bilde, tekst, tal, lyd eller video, men det er ikkje sjølve bildet eller teksten som blir send trådlaust. Informasjonen må bli omsett til ein binær kode før han kan bli send trådlaust eller i kabel eller bli lagra på ein datamaskin. Informasjon frå det smarte plagget må også kunne bli omsett til binær kode for at plagget skal kunne kommunisere med internett. 

Ark 6 i PowerPoint. Sei: All informasjon som datamaskinar handterer er bygd opp av to tal, 0 og 1. Vi kan ikkje overføre papir i ledningar eller trådlaust. Men vi har funne måtar å overføre 0-ere og 1-ere på.

Ark 7 i PowerPoint. Del ut elevarka med ASCII-kodeark til kvar elev. Dei skal ha side A oppe og ha blyant/penn klar.

Hald eit talkort med 0 i den eine handa og eit med éin i den andre. Send eit ord på fire bokstavar som elevane skal avkode ved å løfte talkorta, f.eks. HAV:

01001000 01000001 01010110

Elevane skal notere fortløpande i skjemaet. Deretter skal dei avkode talstrengen til bokstavar ved å bruke ASCII-tabellen.

Be kvart elevpar lage to lappar med 0 og 1 slik du sjølv har gjort. Kvar elevpar skal så sende eit ord til kvarandre. 

Fagleg bakgrunn

 

Sei: No har vi sendt eit ord, som alle dei med ein tabell med ASCII-koden kan lese. Kva er fordelar og ulemper med det? [alle får tilgang, ikkje hemmeleg] Kor brukar vi ein slik måte å sende informasjon på? [radio, TV]

Spør: Kjenner de til andre kodar vi bruker eller har brukt for å sende informasjon? [Vardebrenning, morse, noter, bokstaver, QR-kode...]

Sei: I digitale system snakkar vi ofte om bit. Er det nokon som veit kva det betyr? [grunnleggende enhet for digital informasjon, har én av to mulige verdier; 0 eller 1]

Ark 8 i PowerPoint.  Sei: Den binære koden vi sende nå hadde kanskje ein fart på 1 bit i sekundet.

Ark 9 i PowerPoint.  Sei: I dag er det mange som har 100 Mbit/s hjemme. Det er 100 000 000 bits i sekundet. 

Fagleg bakgrunn

 

Ark 10 i PowerPoint.  Repeter raskt oppdraget.

Ark 11 i PowerPoint.  Fortel elevane dei snart skal få nokre minutt til å tenke vidare på plagget sitt. Men først skal dei få nokre fleire innspel.

Ark 12 i PowerPoint. Sei: Hugsar de vi snakka om dei fire kategoriane trådlaus kommunikasjon tidlegare i økta? Kva kommunikasjon treng plagget dykkar? Skal det ha tilgang på internett? Er det noko de må ta hensyn til?

Ark 13 i PowerPoint. Sei: Skal det f.eks. ha satelittkommunikasjon krev det meir energi, altså større batteri.

Ark 14 i PowerPoint. Vis innslaget frå Schrödingers katt. Det er innslag 5, frå 18m29s til 22m59s.

Ark 15 i PowerPoint.  Gi elevane fem minutt til å diskutere idear.