Hopp til hovedinnhold

Medisinsk bruk av bioteknologi

Her finn du ei oversikt over medisinsk bruk av bioteknologi.

Bioteknologi er i dag eit viktig verktøy innan medisinen. Teknologien blir brukt både til diagnose og til behandling. Dessutan er bioteknologi eit sentralt verktøy innan medisinsk forsking. Bruk av bioteknologi på menneske fører til at vi kjem bort i ein del etiske problemstillingar. Kva skal vi bruke teknologien til og kva grenser skal vi ha for denne bruken?

I artiklane finn du ei kort omtale av bruksområdet og lenker vidare til relevant stoff på nett.

Lovgjeving

Medisinsk bruk av bioteknologi er hovudsakleg regulert i lov om humanmedisinsk bruk av bioteknologi m.m. – bioteknologilova.

Kloning er regulert i lov om framstilling og bruk av genmodifiserte organismar m.m. – genteknologilova.

I Noreg har vi ei nemnd, Bioteknologinemnda, som er rådgjevande organ for blant anna Regjeringa og Stortinget i saker som handlar om bruk av bio- og genteknologi.

Vi har og ein nemnd, Preimplantasjonsdiagnostikknemnda (PGD-nemnda), som avgjer kven som kan få lov å teste befrukta egg i utlandet (les meir om dette i artikkelen om gentesting av befrukta egg).

Nettressurser