Hopp til hovedinnhold

Genmodifiserte organismar

Genmodifiserte organismar er organismar som har fått endra gena sine ved bruk av genteknologi. Dei kan for eksempel ha fått ekstra gen eller dei kan ha fått fjerna gen. Grunnen til at ein genmodifiserer organismar er at ein ønskjer å få organismar med nye eigenskapar.

Ein kan for eksempel lage bakteriar som lagar protein som kan reinsast opp og brukast til behandling av menneske. Slik genmodifisering vart gjort på slutten av 1970-talet då ein laga bakteriar som produserte insulin som kunne brukast av personar med diabetes (sukkersykje). Dette klarte ein ved å setje insulin-gen frå menneske inn i bakterien.

Genmodifiserte dyr

Ein kan og genmodifisere plantar og dyr. Plantar kan modifiserast slik at dei blir meir næringsrike eller tåler miljøpåverknader betre. Dyr blir gjerne genmodifiserte fordi ein ønskjer å bruke dei til behandling av menneske. Ein har for eksempel genmodifisert grisar for at dei skal bli betre eigna for å kunne brukast til xenotransplantasjon (les meir om det i egen artikkel). Men dette har enno ikkje lukkast. Å genmodifisere dyr er ein svært arbeidskrevjande prosess derfor har ein prøvd å klone dyra som er genmodifiserte slik at ein har fått fleire eksemplar av dei.

Genforsking

Innan medisinsk forsking er genmodifisering av både mikroorgansimar og dyr, for eksempel mus,  vanleg. Då brukar ein desse som modellorganismar slik at ein kan studere kva det betyr at ein for eksempel fjernar eller legg til gen. Slik prøvar ein å finne ut kva rolle ulike gen har for utvikling av ein organisme og kva rolle genet har i ein ferdig utvaksen organisme.

Nettressurser