Hopp til hovedinnhold

Xenotransplantasjon

Ved xenotransplantasjon brukar ein celler eller vev frå dyr til behandling av menneske. Dette er noko som enno er på forskingsstadiet.
Foto: Roslin Institute Foto: Roslin Institute

For ti år sidan hadde forskarar stor tru på at xenotransplantasjon ville vere ein teknologi som kunne gjere noko med mangelen på organ til transplantasjon, men enno har det ikkje skjedd noko av betyding og no er det lite forsking på området.

Problema

Den viktigaste grunnen til at det ikkje har skjedd så mykje som ein hadde håpa, er at det er problem med avstøyting av dyreorgan. Dette har ein prøvd å løyse ved å lage genmodifiserte dyr som manglar protein som kroppen vår kan reagere på. Desse genmodifiserte dyra har ein så klona for å få mange av dei (les meir om dette i artikkelen om reproduktiv kloning av dyr).

Eit anna problem med xenotransplantasjon er risikoen for smitte. Dyrecellene eller dyreorgana kan innehalde virus som ein er redde kan blir farlige dersom dei smittar over til menneske og byrjar å smitte mellom menneske.

Xenotransplantasjonsforsking er svært ressurskrevjande fordi ein må bruke dyr, først og fremst grisar og apar, som er vanskelegare å jobbe med enn mus og rottar som blir brukt til mykje anna medisinsk forsking.

Etiske problemstillingar

Bruk av vev frå dyr i menneske reiser fleire etiske problemstillingar. Her er nokre:

  • Er det riktig å bruke dyr som middel til å kurere menneske?
  • Er det riktig å bruke ein teknologi som kan føre at menneske kan bli smitta med nye virus?

Norsk lov

I Noreg inneheld transplantasjonslova eit moratorium, det vil seie eit forbod mot klinisk bruk av xenotransplantasjon.

Nettressurser