Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Lagar stjernene sitt eige lys?

10.1 Do stars make their own light

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Snakk saman om når de best kan sjå stjerner og om dei ser sterkare ut på landet enn i byen. Sei: Noko av det som ser ut som stjerner faktisk er fjerne galaksar, som Andromedagalaksen. Sei: Vår eiga stjerne, sola, lagar sitt eige lys. Kvar trur det energien til å lage så mykje lys kjem frå? Be elevane finne informasjon om vår eiga stjerne, sola. Kor stor ho er, temperatur, alder og kva ho består av. 

Be elevane lage ein tabell for å vise forskjellane mellom lys frå månen, sola, andre stjerner og galakser. 

Faglig forklaring

Stjernene vi ser om natta er som sola vår, berre mykje lenger unna. Nokre er veldig store og andre er små, nokre er veldig varme og andre mindre varme. Sola vår er gjennomsnittleg stor og har ein gjennomsnittleg temperatur for ei stjerne. Som sola vår lagar alle stjerner lys fordi dei består av hydrogen som frigjer energi gjennom kjernefusjonar. Overflata til nokre stjerner er 50 000 °C, og gassar med denne temperaturen lagar mykje lys.

Stjernene er der heile tida, både på dagen og på natta. Vi kan berre sjå stjernene om natta fordi jorda er så nærme sola at sola lyser mykje sterkare enn dei andre stjernene. 

Noko av det som ser ut som ei stjerne er faktisk ei stor samling av stjerner, ei galakse, men er så langt unna at vi ser dei som eit enkelt lyspunkt.