Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Stjerner

Kvifor kan vi ikkje sjå stjerner om dagen? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Stjerner

Faglig forklaring

Stjerner (som sola) lagar, i motsetning til månen, sitt eige lys. Stjernene som synest på nattehimmelen lyser også om dagen, men lyset frå vår nærmaste stjerne sola er så sterkt at vi ikkje legg merke til lyset frå dei andre bakanforliggjande stjernene. Mange av desse stjernene er i røynda mykje større og kraftigare enn vår eiga sol, men dei er mykje lenger unna.

Kommentarer/praktiske tips

Det er ikkje så lett å undersøkje påstandane i teikninga gjennom praktisk aktivitet, men elevane kan utføre tankeeksperiment. Det er mogleg å finne Polarstjerna ved for eksempel å ta eit bilete av stjernehimmelen med eksponeringstid på mange timar. På grunn av jordrotasjonen vil alle stjernene unntatt Polarstjerna få ei viss utstrekning (sjåast som strekar) på biletet. Dette skuldast at Polarstjerna står rett over forlenginga av aksen til jorda. Om mange tusen år vil jordaksen peike mot ein annan stad enn Polarstjerna.

Stjernene kjem fram midt på dagen når det er solformørking. Da ser vi ikkje lyset frå sola ei lita stund, fordi månen er i vegen. Når det sterke sollyset er borte, kjem stjernene fram. 

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)