Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kan lyd brytast og reflekterast?

 

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Spør: Kva betyr refleksjon og brytning? La elevane prøve å forklare kvarandre to og to kvifor ei skei ser bøygd ut når ho står i eit glas med vatn. Be dei også forklare kva som skjer med lyset når vi lyser gjennom ulike materiale. Bruk spegel og dataloggar til å undersøke idear om refleksjon av lyd. Brytning av lyd er vanskeleg å undersøke, men denne filmen illustrerer kva som skjer. Spør: Kva er luftspegling? Korleis heng det saman med refleksjon og brytning? 

Be elevane teikne kvardagssituasjonar der det skjer refleksjon og brytning av lyd og lys og kva for effekt dette har. 

Faglig forklaring

Når lysstråler går frå vatn til luft, bøyer dei seg fordi lys går med ulik fart gjennom luft og vatn. Dette kallar vi brytning. Kor mykje lysstrålene bøyer seg kan vi føreseie, og eit strålediagram kan vise kvifor lyset bøyer seg slik at skeia ser bøygd ut. Lysstråler blir også reflekterte, vi ser eit objekt når lys frå objektet treff auget vårt. 

Lydbølger kan også bli reflekterte og brotne. Dersom du står foran ei høg bygning og lagar ein sterk lyd, vil ekkoet du høyrer vere ein refleksjon. Lydfarten i luft er avhengig av temperaturen. Brytning skjer vanlegvis når lydbølger går med ulik fart gjennom luft med ulik temperatur. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Teknologi (KE68)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
      • utforske, forstå og lage teknologiske systemer som består av en sender og en mottaker (KM836)
      • gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)
    • Vg1 SF
      • utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM818)
    • Vg1 IM
      • utforske bølgefenomener knyttet til lyd og akustikk (KM757)
    • Vg1 TP
      • undersøke og vurdere ulike metoder for lagring og overføring av energi (KM743)
    • Vg3 Påbygging
      • utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM734)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjennomføre forsøk med lys, syn og farger, og beskrive og forklare resultatene

Materialer og utstyr

skei
glas med vatn
spegel
dataloggar for lyd
gjennomskinlege materiale

Nettressurser