Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2
  • kjemi 1
  • kjemi 2

Når fordampar vatn?

 

5.1 Når fordamper vann NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Hell vatn i tre skåler. Spør: Kva trur de skjer med vassnivået etter kvart? Kvifor? Sett ei skål i romtemperatur, ei skål ein stad som er kaldare og ei skål ein stad som er varmare. Lag eit merke som viser vassnivået. Observer kva som har skjedd med nivået etter to eller tre dagar. Spør: Korleis trur de at ein handtørkar verkar når temperaturen er under 100 °C? 

Be elevane lage ei skisse som viser korleis vatn fordampar. 

Faglig forklaring

Når ei væske blir varmare, har partiklane meir energi og beveger seg raskare. Når partiklane i ei væske kolliderer, kan dei overføre energi til kvarandre. Nokre gonger, dersom partiklane er nær væskeoverflata, vil partiklane ha nok energi til å sleppe vekk frå væska og gå over til gassform. Vatnet blir vassdamp, vi seier at væska fordampar, det vil seie at ho går frå væskeform til gassform. Dette kan skje ved alle temperaturar, ikkje berre ved 100 °C, men det skjer oftare når væska er varmare fordi partiklane da har meir energi. Luft som blæs over væska kan få prosessen til å gå raskare ved å fjerne vassdampen og erstatte han med tørrare luft. Når vatn kokar, fordampar vatnet inni væska og dannar bobler med vassdamp. Dette skjer berre ved ein bestemt temperatur som vi kallar kokepunktet. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • beskrive sentrale egenskaper ved gasser, væsker, faste stoffer og faseoverganger ved hjelp av partikkelmodellen
  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • vurdere egenskaper til grunnstoffer og forbindelser ved bruk av periodesystemet

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • gjengi og drøfte kvalitativt termofysikkens første og andre lov

Læreplan i kjemi - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Kjemi 1
    • Vannkjemi
      • gjøre rede for vannets egenskaper

Materialer og utstyr

tre skåler
vatn