Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7

Når vatn koker

Kvifor blir det danna bobler når vatn koker? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Når vann koker

Faglig forklaring

Dei fleste har sett at det boblar i vatnet når det koker. Ei vanleg førestelling er at væsker koker på overflata. Det skuldast kanskje at det er der vi ser boblene. Når vatn koker, blir det danna gassboblene med vassdamp i botnen av kjelen, fordi det er der vatnet blir varma opp. Desse boblene stig opp til vassoverflata. I kvar av boblene med vassdamp er det ufatteleg mange vassmolekyl. Kvart vassmolekyl er sett saman av to hydrogenatom og eitt oksygenatom. Det er vassmolekyla som blir skilt frå kvarandre når vatnet koker, ikkje hydrogen- og oksygenatoma i molekyla.

Kommentarer/praktiske tips

Det er ikkje lett for elevane å vise at gassboblene inneheld vassdamp, for dei har ikkje det utstyret som trengst. Men det er mogeleg å samle opp gassen frå det kokande vatnet og deretter kan elevane teste om det er vann, oksygen, hydrogen eller luft.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere variabler og samle data for å finne svar (KM768)
      • utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
      • bruke partikkelmodellen til å forklare faseoverganger og egenskapene til faste stoffer, væsker og gasser (KM829)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)