Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Tidsbruk
  • 45 minutter

2. Lys og speglar

1. Aktiver forkunnskapar om speglar. Begynn med open diskusjon:

Kva trur de spegel er laga av?

Kva materiale som de testa i stad trur de kunne passe til å lage ein spegel? 

 

Kva er ein spegel?

Ein spegel er ei reflekterande overflate som er jamn nok til å forme eit spegelbilde, ein refleksjon. Når lyset blir reflektert (latin: reflectare, som betyr å bøye tilbake), blir det kasta tilbake. Ein spegel er så jamn at lysstrålane blir reflektert i same vinkel som dei kom inn, og det blir danna eit spegelbilde i glaset. Speglar blir som oftast laga av ei glasplate med eit tynt lag aluminium bak. Vanlege speglar reflekterer om lag 80 % av lyset dei tar i mot.

 

2. Utforsk samanheng mellom lys og spegel. Be elevane leike seg med lyset og den doble spegelen. Du kan be dei få lyset til å bli reflektert i ei bestemt retning. Spørsmål du kan stille: Korleis må du halde spegelen for at lyset skal treffe veggen/taket/golvet/tilbake på genseren/føtene til han som held lommelykta/…?

3. Lag refleksjonsteater. Klipp ut ein liten sjablong av ein liten fisk, fugl eller eit anna dyr. Ved hjelp av lommelykta skal elevane få refleksjonen av dyret til å komme seg inn i refleksjonen av det andre spegelen ved å regulere opninga på den doble spegelen.

utforsking av lys IMG_0117 utforsking av lys IMG_0115

 

Når dei to refleksjonane kjem oppå kvarandre, ser elevane at det blir enda lysare. Kvifor blir det slik?

Elevane kan lage ei forteljing om fisken som ville rømme frå fiskebolla, eller det som passar. Dei kan lage ein song, eit dikt, ei lita historie – eller kva med ein animasjonsfilm? Stop motion på ein iPad er noko som er forhaldsvis raskt, enkelt og lærerikt å bruke. Skrivesenteret har laga ei oversikt over ulike måtar de kan lage animasjonsfilm på: Klikk her!

 

Materialer og utstyr

  • lommelyktar
  • doble lommespeglar (eller to speglar per gruppe)
Naturfaglig språk

  • egenskap
    kan være hvordan et stoff eller materiale ser ut, lukter, smaker, føles, hva slags lyd det lager, og/eller hvordan det blander seg med andre materialer
  • form
    hvordan noe ser ut og er bygget opp slik at det passer godt til en spesiell funksjon
  • funksjon
    hva noe gjør, eller hva det brukes til
  • materiale
    det som ting er laget av

Nettressurser

(skrivesenteret.no)