Undervisningsopplegg

Passer for

  • barnetrinn 1-2
  • barnetrinn 3-4
  • kunst og håndverk
  • matematikk
  • naturfag

Utforsking av lys

På berre eitt sekund kan lyset reise nesten 300 000 kilometer. Sjølv om lys er det raskaste vi veit om, kan du stoppe noko av det med handa di. I dette undervisningsopplegget skal elevane gjere seg erfaringar med eigenskapane til lyset og sjå det i samanheng med gjenstandar vi omgir oss med.

Korleis kan vi eigentleg sjå alt som er rundt oss? Før trudde ein at auga kasta strålar ut mot det dei ville sjå. No veit vi at lys frå sola og ulike lyskjelder treff oss og gjenstandane rundt oss, og blir reflektert tilbake til auga våre. Mange materiale slipp også gjennom mykje av lyset – dette kallar vi transmisjon. Vindauga våre er eit godt eksempel – viss dei ikkje hadde sluppe gjennom lys, ville vi jo ikkje kunne sjå gjennom dei! Men dei slipp ikkje gjennom alt lys, noko blir reflektert, og noko blir stoppa. Når vi ser eit vindauge som står opent, kan vi sjå at også glaset kastar skugge. Skuggen er bevis på at ikkje alt lyset slipp gjennom. Når eit materiale absorberar lys, tar det lyset inn i seg og omformar det til varmeenergi. Farga til materialet har også noe å seie: Vi har vel alle kjent korleis det er å gå med svart genser på ein varm sommardag!

utforsking av lys transmisjon hånd

Læringsmål

  • undersøke eigenskapar til ulike materiale når det gjeld refleksjon (lys som blir kasta tilbake) og transmisjon (lys som går gjennom noko)
  • observere og fortelle korleis skuggen endrar størrelse etter avstand frå lyskjelda
  • gjenkjenne og finne gjenstandar som tar i bruk refleksjon og transmisjon
  • fortelle kva desse gjenstandane er laga av og kva for funksjon dei har

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i kunst og håndverk

  • Etter 2. årstrinn
    • Design
      • gjenkjenne og beskrive enkle bruksgjenstander
  • Etter 4. årstrinn
    • Design
      • undersøke, visualisere og presentere hvordan enkle bruksgjenstander har fått sin form, fra idé til ferdig produkt

Læreplan i matematikk fellesfag

  • Etter 2. årssteget
    • Geometri
      • kjenne att, bruke og samtale om spegelsymmetri i praktiske situasjonar
  • Etter 4. årssteget
    • Geometri
      • kjenne att, bruke og beskrive spegelsymmetri og parallellforskyving i konkrete situasjonar

Læreplan i naturfag

  • Etter 2. årstrinn
    • Forskerspiren
      • stille spørsmål, samtale og filosofere rundt naturopplevelser og menneskets plass i naturen
      • bruke sansene til å utforske verden i det nære miljøet
      • beskrive, illustrere og samtale om egne observasjoner fra forsøk og fra naturen
    • Fenomener og stoffer
      • beskrive og sortere stoffer etter observerbare kjennetegn
  • Etter 4. årstrinn
    • Forskerspiren
      • bruke naturfaglige begreper til å beskrive og presentere egne observasjoner, foreslå og samtale om mulige forklaringer på det man har observert
      • bruke måleinstrumenter, systematisere data, vurdere om resultatene er rimelige, og presentere dem med eller uten digitale hjelpemidler
Naturfaglig språk

  • egenskap
    kan være hvordan et stoff eller materiale ser ut, lukter, smaker, føles, hva slags lyd det lager, og/eller hvordan det blander seg med andre materialer
  • form
    hvordan noe ser ut og er bygget opp slik at det passer godt til en spesiell funksjon
  • funksjon
    hva noe gjør, eller hva det brukes til
  • materiale
    det som ting er laget av

Tema

Forsøk og praktisk arbeid

1. Lys og skuggar

1. Aktiver forkunnskapar om lys og skugge. Begynn med open diskusjon rundt spørsmåla:

  • Kva er lys?
  • Kva er skugge?
  • Kva skjer når vi held noko framfor lyset?
  • ... 

2. Utforsk lys og skugge. No kan elevane få utforske i grupper på to til fire elevar: Start med ei lommelykt per gruppe, og elevanes eigne hender. Dei kan lage skuggebilete på veggen, og sjå om dei kan få skuggen av ein gjenstand til å endre storleik, og kva som skal til for å gjere det.

Skuggen er der hvor lyset ville ha vore viss ikkje handa hadde stoppa det. Skuggen er der hvor lyset ville ha vore viss ikkje handa hadde stoppa det. Stoppar handa alt lyset, eller slepp noko av lyset gjennom handa? Stoppar handa alt lyset, eller slepp noko av lyset gjennom handa?

 

 

 

 

 

 


Utforsk og diskuter:  

  • Korleis kan vi lage ein skugge som er større enn handa?
  • Korleis kan vi lage ein skugge som er like stor (omtrent) som handa?
  • Kan vi lage ein skugge som er mindre enn handa?

3. Utforsk lys og materiale. Så kan du dele ut ulike materiale. Materiala kan grupperast i materialtypar, for eksempel ulike typar tre, glas i ulike farger, stoff i ulik tjukkleik og farge, ulike typar metall osv., eller dei kan sjå på eit materiale av kvar materialtype. Det er lurt at glas og aluminiumsfolie er to av materiala som er med, slik at dei får erfaring med desse materiala før dei begynner på utforsking 2.

Be elevane lyse med lommelyktene mot dei ulike materiala, og halde handa si på andre sida når dei skal undersøke transmisjon (og absorpsjon). Dei kan òg undersøke om det er mogleg å sjå lyset gjennom materialet og da samstundes seie noko om kor godt dei kan sjå det. Når dei skal undersøke refleksjon, kan dei halde handa ved sida av lommelykta, og sjå om noko av lyset reflekterer tilbake på handa.

Tips: Det er lurt å ha det så mørkt som mogleg i rommet.

Aluminium reflekterer veldig mykje lys. Derfor er aluminium ofte brukt inni speglar! Aluminium reflekterer veldig mykje lys. Derfor er aluminium ofte brukt inni speglar!  

 

Omgrepslæring: Dei fleste elevar har høyrt om refleksar. Sikre deg at alle veit kva ein refleks er, og kva som er eigenskapane til ein refleks. (Han kastar lyset tilbake. Ordet reflectare er latin og betyr "å kaste/bøye tilbake".) No kan du begynne å bruke verbet reflektere når du snakkar om lys som blir kasta tilbake, og få elevane til å bruke ordet når dei skal beskrive det same.

(Transmittere betyr å sleppe lys gjennom, og absorbere er å ta lyset opp i seg og omdanne det til varmeenergi. Du kan sjå an klassen din, og bestemme om du vil innføre desse omgrepa allereie no.)

 

4. Sorter data. Lag ei liste der elevane sorterer materiala frå minst til mest gjennomskinleg, og deretter ei liste der de sorterer etter kor mykje lys dei reflekterer. Gjennom klasseromsdiskusjon kan de bli einige om rekkefølgja. Kanskje de må lyse gjennom nokre materiale på nytt for å bli einige. Fortell gjerne elevane at forskarar heller ikkje alltid er einige, og at dei må diskutere og prøve ut ting på nytt – nokre gonger i mange år!

5. Lag tabell. For å utvide kan elevane lage ein oversikt eller fylle resultata inn i ein tabell. Her kan dei gjerne prøve å lage tabell heilt sjølv, men kravet er at ein annan fort skal kunne sjå kva for materiale dei har funne ut er mest gjennomskinleg og kva for eit som er minst. Dei kan teikne, skrive, nummerere resultata og/eller lage symbol i oversikta. 

6. Diskuter materiale og eigenskapar. Til slutt kan de diskutere i klassen kva dei ulike materiala kan nyttast til. Kva er fordeler og ulemper med å reflektere lys, eller å la lys sleppe gjennom, eller å blokkere lys fullstendig?

Oppdrag

Gå på jakt etter gjenstandar som er laga av ulike materale som nyttar refleksjon og transmisjon.

Materialer og utstyr

  • lommelyktar
  • refleksar
  • ulike materiale i ulike farger:
      • bomullsklede
      • klede i andre materiale
      • plast
      • glas
      • filt
Naturfaglig språk

  • egenskap
    kan være hvordan et stoff eller materiale ser ut, lukter, smaker, føles, hva slags lyd det lager, og/eller hvordan det blander seg med andre materialer
  • form
    hvordan noe ser ut og er bygget opp slik at det passer godt til en spesiell funksjon
  • funksjon
    hva noe gjør, eller hva det brukes til
  • materiale
    det som ting er laget av

Er del av

Forsøk og praktisk arbeid

2. Lys og speglar

1. Aktiver forkunnskapar om speglar. Begynn med open diskusjon:

Kva trur de spegel er laga av?

Kva materiale som de testa i stad trur de kunne passe til å lage ein spegel? 

 

Kva er ein spegel?

Ein spegel er ei reflekterande overflate som er jamn nok til å forme eit spegelbilde, ein refleksjon. Når lyset blir reflektert (latin: reflectare, som betyr å bøye tilbake), blir det kasta tilbake. Ein spegel er så jamn at lysstrålane blir reflektert i same vinkel som dei kom inn, og det blir danna eit spegelbilde i glaset. Speglar blir som oftast laga av ei glasplate med eit tynt lag aluminium bak. Vanlege speglar reflekterer om lag 80 % av lyset dei tar i mot.

 

2. Utforsk samanheng mellom lys og spegel. Be elevane leike seg med lyset og den doble spegelen. Du kan be dei få lyset til å bli reflektert i ei bestemt retning. Spørsmål du kan stille: Korleis må du halde spegelen for at lyset skal treffe veggen/taket/golvet/tilbake på genseren/føtene til han som held lommelykta/…?

3. Lag refleksjonsteater. Klipp ut ein liten sjablong av ein liten fisk, fugl eller eit anna dyr. Ved hjelp av lommelykta skal elevane få refleksjonen av dyret til å komme seg inn i refleksjonen av det andre spegelen ved å regulere opninga på den doble spegelen.

utforsking av lys IMG_0117 utforsking av lys IMG_0115

 

Når dei to refleksjonane kjem oppå kvarandre, ser elevane at det blir enda lysare. Kvifor blir det slik?

Elevane kan lage ei forteljing om fisken som ville rømme frå fiskebolla, eller det som passar. Dei kan lage ein song, eit dikt, ei lita historie – eller kva med ein animasjonsfilm? Stop motion på ein iPad er noko som er forhaldsvis raskt, enkelt og lærerikt å bruke. Skrivesenteret har laga ei oversikt over ulike måtar de kan lage animasjonsfilm på: Klikk her!

 

Materialer og utstyr

  • lommelyktar
  • doble lommespeglar (eller to speglar per gruppe)
Naturfaglig språk

  • egenskap
    kan være hvordan et stoff eller materiale ser ut, lukter, smaker, føles, hva slags lyd det lager, og/eller hvordan det blander seg med andre materialer
  • form
    hvordan noe ser ut og er bygget opp slik at det passer godt til en spesiell funksjon
  • funksjon
    hva noe gjør, eller hva det brukes til
  • materiale
    det som ting er laget av

Er del av

Nettressurser

(skrivesenteret.no)
Forsøk og praktisk arbeid

3. Lys og kjende gjenstandar

No skal vi sjå nærmare på sjølve lommelykta!

1. Introduser form. Skriv «form» på tavla. Du kan for eksempel seie:Ordet form betyr korleis noko ser ut og er bygd opp. Vis fram forskjellige ting og snakk om kva for form tingen har.

2. Introduser funksjon. Skriv «funksjon» på tavla. Forklar at ordet funksjon betyr hva noko gjer eller kva noko kan brukast til. Sei: Funksjonen til ein stol er at vi kan sitte på han. Kva er funksjonen til ein saks? [Å klippe opp ting i mindre bitar.]

3. Forklar samanhengen mellom form og funksjon. Spør elevane: Kva er funksjonen til ein gaffel? [Å plukke opp mat.] Forklar: Korleis er ein gaffel forma, for at han skal kunne ha den funksjonen han har? No kan du halde fram med liknande forklaringar om andre gjenstandar.

Lommelykt 4. Utforsk lommelykta. Beskriv korleis lommelykta ser ut.

  • Kva for materiale er den laga av?
  • Korleis er formen på lykta?
  • Kva er funksjonen til lykta?
  • Kva gjer at den kan lyse så sterkt, og i ei bestemt retning?
  • Kvifor er den laga slik den er laga?

(Det er mange små spegel/ei blank overflate som er bøygd i mange retningar/fasetter som reflekterer lyset. I ei lommelykt er forma der lyspæra er festa, ei form som liknar ein parabol, og denne forma samlar lysstrålane. Det er den viktigaste eigenskapen til ei lommelykt.)

5. Samanlikn med andre gjenstandar. Kva for andre lyktar kjenner de til som er laga på same måten?

Billykt: Elevane må ut og utforske bilane utanfor, eller få oppdraget med seg heim. Få elevane til å seia noko om kva som er likt mellom ei lommelykt og ei billykt. Kva er forskjellen mellom ei lommelykt og ei billykt?

Gatelykt: Kva er likt mellom ei lommelykt og ei gatelykt? Kva er forskjellen mellom ei lommelykt og ei gatelykt? 

Trafikklys: Kva er likt mellom ei lommelykt og eit trafikklys? Kva er forskjellen mellom ei lommelykt og eit trafikklys?

Fyrlykt: Kva er likt mellom ei lommelykt og ei fyrlykt? Kva er forskjellen mellom ei lommelykt og ei fyrlykt?

Materialer og utstyr

  • lommelykter
  • ev. bilder av billykt, fyrlykt, trafikklys
Naturfaglig språk

  • egenskap
    kan være hvordan et stoff eller materiale ser ut, lukter, smaker, føles, hva slags lyd det lager, og/eller hvordan det blander seg med andre materialer
  • form
    hvordan noe ser ut og er bygget opp slik at det passer godt til en spesiell funksjon
  • funksjon
    hva noe gjør, eller hva det brukes til
  • materiale
    det som ting er laget av

Er del av

Forsøk og praktisk arbeid

Læringskjede

Dette undervisningsopplegget skal settes i en læringskjede i kunst og håndverk, naturfag og matematikk. En læringskjede kan bestå av både for- og etterarbeid i fagene.

Etterarbeid i naturfag

La elevane bruke erfaringane i undervisningsopplegget til å snakke om eigenskapane til lys. Elevane har erfart at lysstrålane går i rette linjer, og at når noko blokkerer lyset vil det kaste skugge. Elevane skal bruke omgrepa refleksjon, absorpsjon og transmisjon til å snakke om erfaringane frå teknologi- og designopplegget.

Forarbeid i matematikk

Elevane bør i forkant av undervisningsopplegget ha arbeidd med omgrepa linje og stråle. Med eigne ord bør dei kunne forklare kva det er og si kva som er likt og kva som er ulikt mellom dei to. Elevane skal i praktiske samanhengar kunne bruke omgrepa like stor, større enn, mindre enn, liten/kort avstand mellom og stor/lang avstand mellom.

Etterarbeid i kunst og håndverk

La elevane bruke erfaringane til å snakke om korleis ulike materiale slepp igjennom, reflekterer eller absorberer lys.

Er del av