Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Tidsbruk
  • 30–45 minutter

3. Lys og kjende gjenstandar

No skal vi sjå nærmare på sjølve lommelykta!

1. Introduser form. Skriv «form» på tavla. Du kan for eksempel seie:Ordet form betyr korleis noko ser ut og er bygd opp. Vis fram forskjellige ting og snakk om kva for form tingen har.

2. Introduser funksjon. Skriv «funksjon» på tavla. Forklar at ordet funksjon betyr hva noko gjer eller kva noko kan brukast til. Sei: Funksjonen til ein stol er at vi kan sitte på han. Kva er funksjonen til ein saks? [Å klippe opp ting i mindre bitar.]

3. Forklar samanhengen mellom form og funksjon. Spør elevane: Kva er funksjonen til ein gaffel? [Å plukke opp mat.] Forklar: Korleis er ein gaffel forma, for at han skal kunne ha den funksjonen han har? No kan du halde fram med liknande forklaringar om andre gjenstandar.

Lommelykt 4. Utforsk lommelykta. Beskriv korleis lommelykta ser ut.

  • Kva for materiale er den laga av?
  • Korleis er formen på lykta?
  • Kva er funksjonen til lykta?
  • Kva gjer at den kan lyse så sterkt, og i ei bestemt retning?
  • Kvifor er den laga slik den er laga?

(Det er mange små spegel/ei blank overflate som er bøygd i mange retningar/fasetter som reflekterer lyset. I ei lommelykt er forma der lyspæra er festa, ei form som liknar ein parabol, og denne forma samlar lysstrålane. Det er den viktigaste eigenskapen til ei lommelykt.)

5. Samanlikn med andre gjenstandar. Kva for andre lyktar kjenner de til som er laga på same måten?

Billykt: Elevane må ut og utforske bilane utanfor, eller få oppdraget med seg heim. Få elevane til å seia noko om kva som er likt mellom ei lommelykt og ei billykt. Kva er forskjellen mellom ei lommelykt og ei billykt?

Gatelykt: Kva er likt mellom ei lommelykt og ei gatelykt? Kva er forskjellen mellom ei lommelykt og ei gatelykt? 

Trafikklys: Kva er likt mellom ei lommelykt og eit trafikklys? Kva er forskjellen mellom ei lommelykt og eit trafikklys?

Fyrlykt: Kva er likt mellom ei lommelykt og ei fyrlykt? Kva er forskjellen mellom ei lommelykt og ei fyrlykt?

Materialer og utstyr

  • lommelykter
  • ev. bilder av billykt, fyrlykt, trafikklys
Naturfaglig språk

  • egenskap
    kan være hvordan et stoff eller materiale ser ut, lukter, smaker, føles, hva slags lyd det lager, og/eller hvordan det blander seg med andre materialer
  • form
    hvordan noe ser ut og er bygget opp slik at det passer godt til en spesiell funksjon
  • funksjon
    hva noe gjør, eller hva det brukes til
  • materiale
    det som ting er laget av