Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kvifor kan fuglar sitte på høgspentleidningar?

6.2 Hvorfor kan fugler sitte på høyspentledninger_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Vis bilde av fugleføter. Snakk saman om korleis gummiføter ville ha vore nyttig for fuglar. Snakk om korleis ein kan få elektrisk støt og kva som er annleis for fuglane på kraftlinja. Sei: Nokre gongar festar strømfirma bøyer på høgspentleidningane for å gjere dei meir synlege. Kvifor er det nødvendig når fuglane kan sitje der?

Sei: Dersom ein elektrisk straum går gjennom kroppen din, vil du få elektrisk støt. For at straumen skal gå, må det vere ein spenningsforskjell for å dytte straumen og kretsen må vere lukka. Fuglar kan sitje på ei høgspentleidning fordi begge føtene har same spenning og straumen kan ikkje gå ned i bakken fordi kretsen ikkje er lukka. Dette betyr at det ikkje går ein straum. Dersom ein fugl har eitt bein på bakken og det andre på høgspentleidninga, vil kretsen vere lukka. Da kan straumen gå gjennom fuglen og ned i bakken, og fuglen vil døy. Det same vil skje dersom ein fugl har eitt bein på ei høgspentleidning og delar av kroppen rører ved ein annan leidning som har ei anna spenning.

Be elevane lage ei liste over moglege farer for ingeniørar som skal sjekke høgspentleidningar med ei spenning på 400 kV og korleis dei kan redusere risikoen for ulukker.  

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjøre forsøk med magnetisme og elektrisitet og forklare og presentere resultatene
  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • bruke begrepene strøm, spenning, resistans, effekt og induksjon til å forklare resultater fra forsøk med strømkretser

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • definere begrepene strøm, spenning og resistans, og bruke prinsippene om bevaring av ladning og energi på enkle og forgreinede likestrømskretser