Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 5-7

Kva får kyllingen til å pipe?

Dette er ein enkel aktivitet som vekker nysgjerrigheita og er ein god start for å snakke om elektrisitet.

Læringsmål

- erfare at ein krets må vere slutta for at det skal gå straum gjennom

 

Still dykk i ein ring der alle held kvarandre i hendene. Den magiske kyllingen skal også vere ein del av ringen ved at du held fingeren din på ein av dei to polane under kyllingen, mens personen ved sida av deg held ein finger på den andre. Pass på at du ikkje kjem nær kyllingen med dei andre fingrane.

Kva skjer?

La to og to sleppe hendene. Kva skjer da?

Kva skjer dersom vi held kvarandre på armen, hovudet osv? Prøv også å halde kyllingen i handa.

Faglig forklaring

Det må gå straum gjennom kyllingen for at han skal pipe. Dersom vi held på begge polane, går straumen gjennom oss, og vi har ein såkalla slutta (samanhengande) krets. Kretsen må vere slutta for at straumen skal gå. Med ein gong vi lagar ei opning i sirkelen, bryt vi kretsen og straumen stoppar. Klede vil isolere og stoppe straumen. Det vil først og fremst vere når vi held kvarandre i hendene at straumen går gjennom. Hendene er litt meir fuktige enn f.eks. panna.

Inni kyllingen er det eit lite batteri og noko elektronikk som gjer dette forsøket mogeleg. Ein elektronisk komponent som kallast transistor gjer det mogeleg for ein liten straum å opne for ein større straum som gir lyd i kyllingen.

 

Materialer og utstyr

  • Magisk kylling eller tilsvarande som lagar lyd eller lys når kretsen er slutta 

Læremiddel

Nettressurser