Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Kor langt går lyset?

Hvor langt beveger lys seg NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Vis eller lag ei skisse av solsystemet. Spør: Korleis kan vi vise på skissa korleis lyset frå sola når jorda, og korleis lyset frå stjernene når jorda? Bruk tenk-par-del . Sei: Når vi ser på stjernene, ser vi bakover i tid. Kvifor er det slik? 

Sei: Vi ser stjerner på himmelen. Desse stjernene er i andre solsystem, så lyset må kunne gå frå stjernr til solsystemet vårt. Sola vår er ei stjerne, så lyset må kunne gå frå solsystemet vårt og til andre solsystem. Når lyset går frå sola, blir det spreidd i alle retningar og blir meir diffust og mindre konsentrert. Jo lenger vekk du drar, jo svakare blir det. Nokre av stjernene er så langt unna at lyset frå dei er for spreidd til at vi kan sjå det med eigne auge eller med store teleskop. Teleskop som registrerer mikrobølger i staden for synleg lys let oss sjå lenger ut i universet. For stjerner som er veldig langt unna er ikkje universet gammalt nok til at lyset har nådd oss ennå, og dette er ein grunn til at nattehimmelen ikkje ser så lys ut. 

Be elevane lage ei science fiction-historie om kva som kunne skjedd dersom lyset frå sola blei fanga og hindra i å gå ut av solsystemet.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • Vg1 SF
      • utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM818)

Læringsressurs