Diskusjonsoppgave

Passer for

  • fysikk 1

Lysfarten

Maxwells likningar fortel oss at eit varierande magnetisk felt induserer eit varierande elektrisk felt, og vice versa, for å produsere ei elektromagnetisk bølgje. Slik feltinduksjon avheng både av forandring med omsyn til tid og med omsyn til avstand - derfor avheng det av fart. Farten som felta brer seg med ved å indusere og re-indusere kvarandre, er lysfarten c.

Kvifor vil ein utbreiingsfart større enn c vere inkonsistent med prinsippet om bevaring av energi?

Grubleoppgave om lysbrytning: Lysfarten 1

Faglig forklaring

Med ein utbreiingsfart større enn den kritiske verdien c, vil kvart av dei varierande felta indusere eit sterkare felt som vil resultere i ein crescendo av stadig aukande feltstyrkar og stadig aukande energi, noko som klart strider mot prinsippet om bevaring av energi.

Med ein for låg utbreiingsfart, vil kvart varierande felt indusere eit svakare felt og bølgja vil døy ut. Ikkje noko energi vil bli transportert.

Derfor kan vi slutte at gjensidig induksjon kan overføre energi frå ein stad til ein annan berre ved ein kritisk fart. Det er lysfarten!


Grubleoppgave om lysbrytning: Lysfarten 2

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • definere og regne med begrepene frekvens, periode, bølgelengde og bølgefart, og forklare kvalitativt bøynings- og interferensfenomener

Vedlegg