Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Er det alltid kaldt i verdsrommet?

10.11 Er det alltid kaldt i verdensrommet NN

 

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane finne ut korleis temperaturen endrar seg etter høgdemeter på jorda og kva temperaturen er utanfor atmosfæren til jorda. La dei bruke internett til å finne ut kva temperaturen er på dei ulike planetane i solsystemet vårt. Spør: Er det nokon samanheng mellom overflatetemperatur på ein planet og avstanden til sola? Er det andre faktorar som ser ut til å vere viktige? Kva kan kunnskap om drivhus hjelpe oss for å forklare kvifor Venus, og ikkje Merkur, er den varmaste planeten i solsystemet? 

Sei: Hovudkjelda til energi i verdsrommet er stjerner som sola vår. Jo nærmare du er ei stjerne, jo varmare er det. Eit romfartøy som går i bane rundt jorda blir varm i sola (opp til 135 °C) og kald i skuggen (ned til -150 °C). Temperaturen på overflata til ein planet blir påverka av fleire faktorar som kjernetemperaturen (kjernereaksjonar kan varme opp kjerna i planeten), atmosfæren (ein atmosfære vil auke overflatetemperaturen) og kor langt unna han er frå sola (jo nærmare sola, jo høgare temperatur). Atmosfæren til Venus gjer at overflatetemperaturen blir omtrent 400 °C. Utanfor solsystemet vårt kan det vere temperaturar ned til -270 °C.

Be elevane lage ei skisse for å vise overflatetemperaturen til planetane i solsystemet vårt. Be dei forklare kvifor dei ulike planetane har denne temperaturen.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)