Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • geofag x og 1

Daglengda ved ekvator

10.6 Daglengden ved ekvator NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane finne ut kor mykje daglengda endrar seg gjennom året, når ho er lengst og kortast. Spør: Kva er forskjellen mellom den lengst og kortaste dagen her vi bur? Når er daglengda akkurat 12 timar? Be elevane bruke internett til å finne ut korleis daglengda endrar seg gjennom året ved ekvator samanlikna med daglengde der de bur. Spør: Korleis påverkar daglengda livet ditt? 

Sei: Ekvator er ei tenkt linje som går rundt midten av jorda og delar jorda i den nordlege og sørlege halvkule. Jorda hallar til ei side med omtrent 23 ° mens ho roterer. Om sommaren hallar den nordlege halvkula mot sola, slik at meir av overflata får sollys på seg. Dagane blir lengre og nettene kortare. Ved ekvator ser det ut som at sola går litt mot nord over himmelen når det er sommar i nord, og litt mot sør når det er sommar i sør. Ved vår- og haustjamndøgn er sola rett opp midt på dagen. Men uansett er daglengda alltid omtrent 12 timar ved ekvator. Fordi er eit stort obekt på himmelen (ikkje berre eit punkt) og fordi lyset frå sola blir brote av atmosfæren, blir daglengda ved ekvator 12 timar og 7 minutt. 

Be elevane finne ein måte å forklare kvar i verda det kan vere dagslys heile tida og kvar det kan vere natt heile tida ved visse tida på året.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • bruke animasjoner og andre modeller til å beskrive planetenes og månens bevegelser, og forklare hvordan årstider og månefaser oppstår

Læreplan i geofag - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Geofag 1
    • Jorda i forandring
      • forklare klimatiske grunntrekk og værforhold ved å bruke teoriene om strålingsbalanse, vannets kretsløp og strømninger i atmosfæren

Bakgrunnsstoff