Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 1-2
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Sommar og sol

Diskuter utsegnene om sola i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Sommer og sol

Faglig forklaring

Rotasjonsaksen til jorda skrår 23,5 gradar. Skråstillinga er årsaka til årstidene. Den nordlege halvkula skrår bort frå sola i desember. Innstrålinga frå sola er derfor minst på den nordlege halvkula i desember. Fram til sommarsolsnu 21. juni, aukar innstrålinga her jamt inntil sitt maksimale. Skråstillinga medfører at det er stor forskjell på dagens lengde om sommaren og om vinteren. I daglegtalen seier vi at sola står lågt på himmelen om vinteren, men i røyndomen skuldast altså dette at aksen til jorda skrår. Ein bestemt stad på overflata til jorda mottek dermed ulike mengder energi i løpet av dei 365 døgna det tek jorda å gå rundt sola (eit år tilsvarer 365 dagar, 5 timar, 48 mine og 46 sekund).

Nord for 66 ½ gradar nordleg breidd (polarsirkelen) kjem ikkje sola opp over horisonten i det heile i ein periode om vinteren, då er det mørketid der. Jo lenger nord for polarsirkelen du er om vinteren, jo lenger varer mørketida. Jo lenger nord for polarsirkelen du er om sommaren, jo fleire døgn vil du få med midnattssol. Det finst ein tilsvarande sørleg polarsirkel ved 66 ½ gradar sørleg breidd.

Den 21. desember skrår den nordlege halvkula mest vekk frå sola. Dette er årets kortaste dag i Sør-Noreg og i nord er mørketida på det mørkaste. 21. desember blir kalla vintersolsnu, vi seier at då snur sola og dagen blir lenger igjen. Men i røyndomen snur ikkje sola på nokon som helst måte: Ved vintersolsnu passerer jorda eitt av dei to ytterpunkta i ellipsebana si rundt sola, og den nordlege halvkula skrår etter kvart meir mot sola slik at innstrålinga aukar. Ved sommarsolsnu snur sola igjen og dagen begynner å bli kortare for kvart døgn. På den andre sida av jorda er det omvendt. I eit land som Australia er 21. desember årets lengste og lysaste dag. Då peikar jorda si sørlege halvkule mot sola og dei kan feire jul i steikande sommarvarme.

Midt mellom dei to solsnua har vi haustjamdøgn den 23. september og vårjamdøgn den 21. mars. Ved jamdøgn er jorda på ein stad i bana rundt sola der innstrålinga frå sola er den same både på den nordlege og sørlege halvkula. Dagen og natta er no like lange (12 timar) over heile jorda. Det kan hende at tidspunktet for solsnua og jamdøgna varierer med ein dag, for eksempel kan vintersolsnu kome den 22. desember.

Kommentarer/praktiske tips

Sjølv om det er lett å observere gongen til sola over himmelen kvar dag, er det ikkje like lett å observere sesongendringane i sola si høgde på himmelen. Observer posisjonen til sola på himmelen til same tid den fyrste dagen i kvar månad og samanlikn resultata gjennom året. Samtidig kan de måle skuggen av eit tre eller ein stolpe.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfaget.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)