Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7

Jordrotasjon

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om jordrotasjon, og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Står du på den nordlege halvkula, kan det verke som om jorda roterer mot klokka. Oppleving av rørsleretning avheng heilt av kva referansepunkt vi har. I verdsrommet er det inga absolutt retning. Vi kan derfor berre beskrive rotasjonen til jorda i forhold til noko anna, for eksempel eit punkt på jordoverflata. Dersom vi bruker sola som referansepunkt, vil det på den nordlege halvkula sjå ut som om sola står opp i aust.

Kommentarer/praktiske tips

Vi kan lage ein modell av dette med ein globus og ei lyskjelde. Lag eit lite menneske i heftemasse og plassar rundt på globusoverflata. Observatørar på Nordpolen, Sydpolen, ved ekvator og ute i romma vil alle observere rotasjonen til jorda på forskjellig måte.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.