Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Er det gravitasjon på månen?

10.5 Er det tyngdekraft på månen NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Vis filmen der astronautar går på månen. Be elevane observere korleis dei går og beveger seg, og kor langt dei hoppar. Spør: Korleis er dette samanlikna med korleis vi går og hoppar her på jorda? Kva fortel dette om gravitasjonen på månen? Bruk tenk-par-del  Nokon trur at Apollo-astronautane ville ha svevd vekk frå månen om dei ikkje hadde hatt tunge støvlar på seg. Kva trur de? 

Sei: Neil Armstrong og Buzz Aldrin var dei første menneska som gjekk på månen. Utan gravitasjon ville dei ikkje ha klart dette. Utan gravitasjon ville det ha vore vanskeleg å lande på månen og dersom du prøvde å ta eit skritt, ville du ha svevd ut i verdsrommet. Gravitasjon er nødvendig for å trekke deg ned slik at du kan stå på bakken og gå. Gravitasjonen på månen er omtrent ein sjettedel av gravitasjonen på jorda, så alt veg mykje mindre på månen og folk kan hoppe lenger. Atmosfæren til jorda blir halden på plass av gravitasjon. Gravitasjonen på månen er ikkje stor nok til å halde på gassar, så dei forsvinn ut i verdsrommet. Derfor har ikkje månen atmosfære.

Be elevane skrive ei forklaring til eit barn om kvifor ein stein og ei fjør fell på ulike måtar på månen samanlikna med på jorda. 

 

 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • undersøke et emne fra utforskingen av verdensrommet, og sammenstille og presentere informasjon fra ulike kilder

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • identifisere kontaktkrefter og gravitasjonskrefter som virker på legemer, tegne kraftvektorer og bruke Newtons tre lover