Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Kvifor fordøyar vi maten?

Kva skjer eigentleg med maten vi et?

 

1.19 Why do we digest food NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

La elevane dele med kvarandre to og to det dei veit om fordøyelsessystemet. Snakk saman om korleis og kvifor enkle organismar fordøyer maten sin. Undersøk korleis for eksempel fluger og sopp et, og korleis dei brukar fordøyelsesenzym, og diskuter korleis dette kan hjelpe for å forstå kva som skjer i menneskets fordøyelsessystem. Spør: Dersom magen vår produserer fordøyelsesenzym, kvifor fordøyer ikkje magen seg sjølv?

Be elevane lage ein teikneserie for å vise kva som skjer med eit eple dei et.

Faglig forklaring

Menneskets fordøyelsessystem har to opningar; munnen og anus. Ingenting av det som går ut gjennom anus er nyttig for oss. Hensikta med fordøyelsen er å bryte ned mat slik at han blir oppløyseleg og liten nok til å gå gjennom overflata til tarmen og inn i blodbanen. Mekanisk fordøyelse begynner når maten blir kutta i små bitar av tennene våre. Kjemisk fordøyelse skjer inni fordøyelseskanalen, og startar i munnen ved hjelp av spytt. Fordøyelsesenzym bryt ned maten til dei enkelte molekyla. Desse molekyla er små nok til å gå gjennom overflata i tarmen og inn i blodbanen. Blodet frakter den fordøyde maten til alle cellene i kroppen, der han blir brukt som energikjelde, til vekst, reparasjon og celleerstatning og til andre cellefunksjonar. Magesyre hjelper også til med å øydelegge bakteriar, men nokre giftstoff blir ikkje brotne ned og kan gjere oss sjuke. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Kropp og helse
      • forklare hvordan egen livsstil kan påvirke helsen, herunder slanking og spiseforstyrrelser, sammenligne informasjon fra ulike kilder, og diskutere hvordan helseskader kan forebygges
  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Ernæring og helse
      • forklare hovedtrekkene i fordøyelse, transport og omsetting av energigivende næringsstoffer i kroppen
  • Etter Vg1 - yrkesfaglige utdanningsprogram
    • Ernæring og helse
      • forklare hovedtrekkene i fordøyelse, transport og omsetting av energigivende næringsstoffer i kroppen

Læreplan i biologi - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Biologi 1
    • Fysiologien til mennesket
      • gjere greie for oppbygginga av og funksjonen til sentrale organsystem i kroppen, og drøfte årsaker til sjukdommar som har samanheng med livsstil
    • Funksjon og tilpassing
      • samanlikne bygning og funksjon av organsystem hos ulike dyregrupper, med vekt på sirkulasjon, gassutveksling og utskiljing, sett i samanheng med tilpassing til ulike levevilkår

Læringsressurs