Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Kva er innhaldet i energidrikkar?

Er det lurt å drikke energidrikkar?

 

1.17 High energy drinks NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Del ut nokre ulike typer energidrikkflasker til smågrupper av elevar. Be dei sjå på oversikta over ingrediensane. Be dei diskutere kva den enkelte ingrediensen gjer og bruke Internett for å finne ut om dei har skadelege verknadar. Be dei finne ut kor mykje av kroppens daglege energibehov flaska inneheld. Spør: Kor mange flasker treng du for å dekke kroppens daglege energibehov? Kva kan skje med ein som drikk mange energidrikkar, men som ikkje trenar mykje?

Be elevane lage ei tofarga plakat for å vise moglege fordelar og ulemper med energidrikkar. 

Faglig forklaring

Idrettsfolk treng å få nok energi for å yte bra. Cellene våre får energi ved å sette saman glukose og oksygen, og jo raskare cellene våre kan gjere det, jo meir energi får vi. Å ta inn meir glukose og puste raskare hjelper muskelcellene våre til å få energi raskare. Energidrikkar inneheld vanlegvis glukose, men ikkje alltid. Dei inneheld nesten alltid stimulerande stoff som koffein. Stimulerande stoff gjer at kroppen tilsynelatande har meir energi. Glukose treng ikkje bli spalta, så det kan brukast med ein gong. Stivelse og feitt er også gode energikjelder, men det tar lenger tid for oss å fordøye desse. Energidrikkar er moderne, men dei er ikkje nødvendige for eit balansert kosthald. Å innta energidrikkar utan å vere veldig fysisk aktiv vil sannsynlegvis gjere folk overvektige, og det å drikke store mengder kan gi helseproblem på grunn av dei stimulerande stoffa. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Kropp og helse
      • forklare hvordan egen livsstil kan påvirke helsen, herunder slanking og spiseforstyrrelser, sammenligne informasjon fra ulike kilder, og diskutere hvordan helseskader kan forebygges
  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Ernæring og helse
      • forklare hovedtrekkene i fordøyelse, transport og omsetting av energigivende næringsstoffer i kroppen
      • drøfte spørsmål knyttet til slanking, spiseforstyrrelser og trening, og til hvordan livsstil påvirker helsen
  • Etter Vg1 - yrkesfaglige utdanningsprogram
    • Ernæring og helse
      • forklare hovedtrekkene i fordøyelse, transport og omsetting av energigivende næringsstoffer i kroppen
      • drøfte spørsmål knyttet til slanking, spiseforstyrrelser og trening, og til hvordan livsstil påvirker helsen

Læreplan i biologi - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Biologi 1
    • Fysiologien til mennesket
      • gjere greie for oppbygginga av og funksjonen til sentrale organsystem i kroppen, og drøfte årsaker til sjukdommar som har samanheng med livsstil

Materialer og utstyr

energidrikkflasker

Læremiddel

Nettressurser